mandag 25. august 2008

Malin fyller eitt år idag

Veslejenta vår har idag fylt sitt første år. Eg tenkjer tilbake på dette året som har gått så fort, og eg er einig med meg sjølv at det vert kjekkare og kjekkare for kvar dag som går. Livet har fått ei større meining etter at Malin kom til verda. Sjølv om det er travelt og vi er slitne, gløymer vi det så lett når ho smiler eller søv så søtt.
Dagen idag starta friskt for gebursdagsbarnet. Mor i huset skulle på jobb, og Malin og pappa måtte køyre henne då pappa trengte bilen. På bilete her ser dokke henne klar til å gå om enn litt trøytt i trynet...
I ettermiddag har vi hatt selskap. Tilsammen var det 5 born frå 1-4 år. Eirik hjelper til med å opne gåvene då Malin ikkje heilt har forstått poenget med akkurat det.
Dette er vel ein typisk situasjon i eit barneselskap. Borna fyk alle vegar, det er rotete og kaotisk sjølv om mor i huset nettopp har strigla huset, og foreldre som prøvar å halde ei viss oversikt. På biletetet frå venstre ser dokke Malin på vei ut av stova, Trude, Julie ved bordet for å ete av restar på fat og i glas, Elias med ein bolle i ei bøtte (bollen skulle kokast, sa han), Bjørg, samt Ole Christopher på veg ut verandaen.
Malin kosar seg blant born og leiker. Det er topp å vere gebursdagsbarn.
Blid og strålande nøgd med dagen. No er ikkje Malin nokon baby lenger, og om ei veke startar ho i barnehage. Livet vert meir og meir spennande, så heng med om du kan.

tirsdag 19. august 2008

Husmora vår i full sving

Det er ikkje alltid lett å vere liten og nyskjerrig på alt som skjer rundt seg. Malin skal alltid vere der eg er og allerhelst undersøkje det eg held på med. Oppvaskmaskina, klesvasken, matlaginga, støvsuginga, vaskinga og ryddinga. Alt må prøvast og undersøkjast. Eg håpar sjølvsagt at viljen til å hjelpe mor si vil forsette også langt inn i tenåra. Om ho vert som mor si på det område, har eg ikkje så mykje å vente i åra som kjem. Derfor er det berre å nyte bileta og leve i trua.










søndag 10. august 2008

Bryllaupsfest i Bergen

Igår gifta Siv og Erlend seg. Siv er frå same stad som meg og eg har kjent ho gjennom skule og fotball sidan vi var sju år gamle. Ikkje visste vi i 1988 når vi gjekk ilag frå skulen første førskuledag, at mor mi og far hennar skulle gifte seg 18 år seinare... No når vi er i familie, var eg ein av dei heldige som fekk med meg vigsel i Årstad kyrkje og fest ved Kjøttbasaren i Bergen. Det var storfest i byen grunna Tall Ship Racing, og liv var det også i bryllaupslokala. Nydeleg brud, flotte talar, god musikk og fin stemning.

.........

PS: Beklagar lite innlegg for tida, men alt mitt kreative rot er pakka ned grunna visningar. Vi flyttar om tre veker, og alt er berre kaos. Lovar å kome sterkare tilbake når alt styret er over.

søndag 3. august 2008

Lavendel

Lavendel er utruleg vakre og duftar godt. Vi var på besøk hjå onkelen til Espen på Burkeland som har lavendel i bedet sitt. No når sola har forsvunne passar det med litt stemning i bloggen. Imorgon byrjar eg å jobbe igjen, og mykje tyder no på at sommaren er på hell.