mandag 12. november 2007

Betre seint enn aldri

For snart to år tilbake strikka eg denne veska som dokke ser her. Veska er frå Gerd Fjellanger si bok "Strikk og Tov" og er strikka i Pt2-garn og Rauma Finull.
Så ville eg ha vottar i same ull og fargar og byrja å strikke vottane like etter at veska var ferdig. Oppskrifta er frå ei vottebok eg ikkje huskar navnet på og eg har brukt pinne nr 5. Eg vart nesten ferdig, berre tommelane igjen, og så la eg vekk vottane fordi eg var dritlei. No har eg tatt fram vottane igjen og fullført strikket. Og resultat før toving var slik:
Ein vask i maskina på 40 grader ga eit resultat som vart slik:

Resultatet vart mjuke og gode vottar som varmar i vinterkulda.

lørdag 10. november 2007

Søknaden er sendt!

Som eg sikkert har sagt tidlegare, vi drøymer om å bygge hus på Valestrand kor Espen kjem frå. Bestefaren til Espen har gjeve oss moglegheit til å byggje på garden hans, men området vi ønskjer å byggje i er regulert til LNF-område. LNF står for Landbruk, Natur og Friluft. Vi må derfor sende ein søknad om dispensasjon til frådeling av tomt til kommunen. Denne søknaden har tatt tid, både fordi vi sjølve er treige av oss og fordi det er så mykje papir som må fyllast ut. Vi har ikkje tilgang til offentleg vatn og kloakk og har derfor nokre ekstra papir å fylle ut. Men idag sendte vi søknaden og eg vil markere det med å vise dokke huset vi ønskjer å bygge: