søndag 30. november 2008

Pepperkakebedehus

Eg har laga pepperkakehus for fyrste gong. Det har aldri vore tradisjon med å lage pepperkaker eller pepperkakehus i vår familie, men eg tenkte at eg skulle ha det som tradisjon i vår vesle familie. Eg er faktisk ikkje så glad i pepperkaker, men det var veldig kjekt å lage hus. Årsaka til at tittelen på innlegget er "Pepperkakebedehus" er at huset eigentleg skulle vere ei kyrkje. Etter at alt var laga og deigen var brukt opp, oppdaga eg at eg berre hadde laga tre veggar til kyrkjetårnet. Så då vart det bedehus istaden for. Eg får prøve meg på kyrkje neste år igjen.
Biletet er ikkje så fint, men dokke ser vel kva det skal forestille likevel. Eg hadde ikkje så mykje pynt tilgjengeleg, men non stop, engelsk konfekt og melisglasur var eigentleg nok. Eg var lei når eg byrja å pynta, så huset er ikkje så vakkert dekorert. Eg må ha noko å strekke meg til i åra som kjem.
Eg har nytta gelatinplater som vindauge, det var utruleg fint synest eg. Neste år skal eg forsøke å lage hus som eg kan ha telys inni.
Malin hjalp også til, men det meste av deigen ho fekk mellom hendene gjekk nedi magen.

søndag 23. november 2008

Oppskrift på tjukkelestar str 1 år

Eg har strikka nokre tjukkelestar til Malin. Eg har ikkje funne noko passande oppskrift for sokkar i størrelse eitt år kor ein nyttar vanleg strømpegarn og som sitt godt på foten når ein brukar sko. Derfor har eg laga ei oppskrift sjølv som eg vil dele med dokke som besøker bloggen min.
Eg har strikka lestane i fleire fargar av restegarn eg har. Det er mitt store prosjekt for tida og verte kvitt mest mogleg garn. Det er ikkje alltid like enkelt når garnet og fargane er heilt ulikt min stil. Malin synest det var stas å ha på tjukkelestane som mamma hadde strikka. Ho har forresten potensiale til å verte like strikkegal som meg. Strikkepinnar og garn er iallefall veldig kjekt å halde på meg (ho får ikkje leike med strikkepinnane altså, så gal er eg ikkje..).

Oppskrift på tjukkelestar str 1 år

Legg opp 28 masker på pinne 3,5 som du fordelar på strømpepinnar. Strikk rundt 1 r og 1 vr omlag 6 cm. Del arbeidet og strikk glattstrikk 10 pinnar over halvparten av maskene, dette er byrjinga på hælen.

Så feller du for hælen slik (du byrjar på rettsida): Strikk til det gjenstår 5 m, 2 vridd r saman, snu. Ei maske laust av. Strikk til det gjenstår 5 m, 2 vridd vr saman, snu. Ei maske laust av. Strikk til det gjenstår 4 m, 2 vridd r saman, snu. Fortsett slik med ei maske mindre for kvar gong til kun midtmaskene gjenstår (6 masker).

Ta opp 7-8 masker på kvar side av hælen og fortsett rundt over alle maskane samtidig som du fell 1 m på kvar side av vrista på kvar omgang til det gjenstår 28 m. Forsett å strikk til foten måler 8-9 cm.

Fell for tåspiss slik: Set eit merke i kvar side av arbeidet med 14 m under og over foten. Du byrjar oppe på foten ved høgre merke. Strikk 1 r, 2 vr saman, 8 r, 2 r saman, 2 r, 2 vridd r saman, 8 r, 2 r saman, 1 r. Fortset å felle på kvar side av sidem. annakvar gong 3 gongar, deretter kvar omgang til det gjenstår 8 m. Klipp av tråden og fest godt.

søndag 9. november 2008

Nok ein laurdag med rydding av tomt

Det begrensar seg kor spennande det er å sjå bileter av ei tomt, men under ser dokke tomta i sin størrelse sett ovanfrå. Det er mykje som gjenstår, men eg tørr påstå at halvparten av trea er felt. Det vert tilsaman omlag eitt mål.
No når det ikkje er blad på trea lenger, kan vi skimte korleis utsikten vår vil verte. Når det var så fint som igår med blå himmel og sol, så kjennest det veldig riktig å byggje hus her.
Siste treet for dagen skulle fellast. Det var ein heil diskusjon om kva slags retning treet skulle ramle. Bestefaren til Espen er heilt herleg altså, det er så kjekt at han er med. Vert eg slik som han når eg er 86 år, skal eg jammen ikkje klage. Huset som dokke ser på biletet er forresten barndomsheimen til Espen.
Mor til Espen, Adrian (søskenbarnet til Malin) og Camilla, søstra til Espen, var på besøk i helga. Etter fire timar med arbeid, kom dei med mat og kaffi og duk til ha på "bordet" som i dette tilfellet var ei gammal bruskasse. Utruleg koseleg å sitje på toppen og sjå utover alt vi har gjort. Toppen skal forresten sprengjast vekk slik at tomta vert meir flat.
Her er biletet tatt frå nedsida av tomta. Den startar frå den einslege stammen som dokke ser midt i biletet og oppover. Det er ein annan som eig skogen som går nedanfor treet og ned til kanten som eg står, men eg håpar vi kan få så gras heilt ned slik at det ser fint ut. Heile området som dokke ser var dekt med tre, men no er det altså borte. Så litt har no vorte gjort på to laurdagar.

torsdag 6. november 2008

Hekla babyteppe

No er det nokre småtroll i vente blant våre venner. Eit av trolla skal få dette teppet som eg har hekla. Det er ikkje så lett å sjå fargane i teppet grunna dårleg lys, men teppet er raudt med kvite, rosa og grøne striper. Eg prøvde å kvitte meg med restegarn i dette prosjektet, men det enda med at eg måtte kjøpe meir for å gjere det ferdig... Teppet måler 1 x 0,65 m, og er strikka med dobbelt garn på pinne 5.

mandag 3. november 2008

Ein liten draum

Ein av mine draumar er å skaffe meg sauer. Av sauene får eg ull som eg vil karde og spinne til eige garn. Eg kan ingenting om det, men eg drøymer om å lære meg det ein dag. Eg har også veldig lyst til å lære om plantefarging. Mitt første steg mot draumen, er innkjøp av handkarde. Eg har kjøpt dei på brukt og antikvitetsforretninga her på Valestrand. Veldig mykje rimelegare enn å kjøpe nye. Har du ein liten draum som meg eller berre er nyskjerrig på kva ein bruke ull frå sauen til, kan du lese meir på http://www.spinnvilt.no/.

søndag 2. november 2008

Vi har vore på reis i helga

Vi har vore i Volda i helga, men dessverre har fotoapparatet stått på i kofferten på vei opp og vi hadde ikkje med ladar. Eg har derfor ikkje fått tatt bilete av hendingar dei siste dagane. Eg hadde heldigvis med meg eit anna lite kamera som eg fekk tatt dette biletet. Malin likar å sitte på ting som kan forestillast som bil, i dette tilfellet reisesenga. I Volda var det kaldt og fint vèr, samt sol til og med laurdag. Idag derimot har vi køyrt nedover Vestlandet i regn. Eg gleder meg allereie til jul, då skal vi tilbake til Volda og alle dei fine snøkledde fjella.