mandag 25. april 2011

Siste nytt frå hagen

Etter ei veke med påskeferie var det rett ut i hagen. Det har ikkje skjedd så mykje på ei veke, men litt grønare har det vorte og fuglane syng for full hals i tretoppane.
Espen har byrja å spa jord frå der som utepeisen skal vere. Vi ventar på tilkøyrd jord, men tela har ikkje heilt sluppe taket og vi må gjere det på denne måten når vi ikkje klarar å vente. Vi ønskjer å ha plen/planter heilt inntil husveggen på begge sider og har byrja på høgresida idag.
Klematisen og rosa som eg kjøpte for eit par veker sidan vart planta i det nye bedet idag. Eg har laga ei midlertidig løysing på kanten. Det skal verte finare enn dette, men eg byrja å verte stressa for at plantene ikkje hadde kome i jorda enno. Nokre stemorsblomar fekk kome ned i og, eigentleg skal det vel vere ei høgare plante framfor klematisen. Synes eg har høyrd noko om at den likar skugge nederst på stamma.
Litt ros til Espen. Han har fullført terrassa 100 %, det var før påske. Endebord, topprekkverk og lister her og der. No er det ingen fare for at Emil og Malin sett foten fast lenger.
Eit lite smil i staudebedet. Soleiehov skal visst vere navnet. Ei av staudene eg fekk ifjor av ei snill dame her på øya. Staudebedet er midlertidig og det ser ikkje mykje vakkert ut. Planen er å spa opp det som har overlevd vinteren og lage eit finare bed.

onsdag 20. april 2011

Møkster- øy søkjer barnefamiliar

Eg har veldig sansen for dei som busetter seg utanfor allfarveg og som satsar på verdiskapning i fråflytningstrua strok. Møkster er ei øy i Austevoll kommune, Hordaland fylke som satsar stort på å rekruttere barnefamiliar ut til seg ilag med dei 58 innbyggjarane som allereie bur der. Velforeningen Møkster Bu markedsdfører prosjektet "Øy søkjer familie" gjennom bloggen sin kor dei for tida har ein give away som du kan verte med på. Link til konkurransen finn du her.
Velforeninga Møkster Bu har som mål å skape trivsel, skape arbeidsplassar, betre båtrutene og auke folketalet.
Møkster har eigen butikk og skule, det er eit viktig grunnlag for at folk skal kunne bustje seg. Du får lese bloggen deira og gjere di meining om øya. Eg synest dette var eit flott prosjekt.
Jonsokfeiring (St.Hans)
Når sommaren er på sitt vakraste så må det vere heilt fantastisk å bu nært sjøen og ha tilgang til badeplassar og båtar rett utanfor stovedøra. Kanskje eg tek meg ein tur ein gong hit? Ønskjer iallefall innbyggjarane og velforeninga lykke til!

tirsdag 19. april 2011

Nostalgiske hagebileter frå farmor sin gamle hage

Vi har i vår familie snakka fleire gongar om at interesse for hage kan vere litt arveleg. Det kan iallfall stemme for mitt vedkomande. Farmor syntest det var veldig kjekt med hage slik som far min blant anna. Hagen til farmor var i si tid kjent for å vere flott og vakker, og eg har leita fram nokre bileter frå 80-talet som viser litt av det som har vorte barndomsminner for meg.
Før i tida kjøpte folk ikkje masse planter på hagesenter slik som ein gjer idag. Det var verken utval eller økonomi til det. Heldigvis var dei flinke til å gi kvarandre avleggarar, stiklingar, frø og anna, og det resulteterte i ein frodig og variert hage heile sommaren.
Eg kan ikkje seie eg veit kva alle plantane på bileta heiter som til dømes dei oransje, men det viktigaste er at ein synest det er vakkert.
Det er ikkje i tvil om at tomta ligg vakkert til med elv på begge kantar og utløp mot sjøen. Eg har tilbrakt mange somrar her som lita jente og det var heilt fantastisk å kome til farmor og farfar. Vi var alltid velkomne og vi fekk gjere det vi ville så lenge vi oppførte oss.
Eg lengtar etter å ha det frodig og fargerikt rundt meg. Eg gleder meg enormt til at ungane gøymer seg rundt buskene, plukkar bukettar og spring i graset. Kanskje om 5-6 år?
Til slutt eit artig bilete frå slik det ofte var. Bileta er så gamle at eg synest det går greit å publisere dei. Farmor og farfar hadde ofte besøk og var eit samlingspunkt for ein stor og sammensveisa familie. På varme dagar tok ein det ein hadde og la seg på bakken for litt kvile. I midten her ligg farfar med kleda på og håpar på litt brunfarge på leggane sine. Ei herleg og fin tid for ei lita jente.

mandag 18. april 2011

Ro, ro, ro din båt

Å gjere noko ein aldri har gjort før kan gjere ein både spent og forventningsfull, men også skeptisk og uroleg. Idag fekk Malin vere i båt for første gong, eller ein kano då om du vil, og Malin gledde seg. Ho visste ikkje heilt kva ho skulle gjere, men redningsvesten var kjekk å ta på seg. Ho vart litt betenkt når ho såg kanoen, men då ho kom ut i kanoen vart det berre glede.
Malin kjenner på stemninga og synest ho er tøff med redningsvest.
Først ut var Malin, eg og pappa. Det var lenge sidan sist eg hadde padla i kano, men har ein gong lært det så sitt det.
Espen, Malin og Jonas. Humøret var på topp hjå alle og det har vore ein flott aprildag.

onsdag 13. april 2011

Kamelia- ein forelskelse

Det er ikkje så mykje som blømer når ein besøker gartneriet i midten av april. Stemorsblomar og påskeliljer er det ein ser mest av akkurat no. Eg må lese meg fram på lappane på plantene som står ute for å vite kva det er, men innimellom vintergrøne planter og nakne greiner skimta eg ei plante eg ikkje kan huske at eg har lest eller høyrt om før; Kamelia 'Camellia x willamsi 'inspiration'. Hjarte hoppa over eit slag og eg vart brått bergtatt av denne planta. Den hadde allereie byrja å bløme, den hadde vakre, grøne blad og eg kunne sjå store, flotte knoppar som snart spring ut. For ei vakker plante! Den vil eg ha! Diverre kostar forelskelsen 410 kr, og fornufta hindra meg å gjere eit av mange impulskjøp. Eg klarer ikkje slutte å tenke på den, eg må nok tenke ut ein fin stad å plante ho for denne SKAL eg ha! Det er heilt genialt med tidleg bløming, det er mangelvare på planter som blømer i april. Så er det store spørsmålet: Nokon som har erfaring med denne og kan gi nokre gode tips? Eg vil gjerne at forelskelsen skal føre til evig kjærleik.

mandag 11. april 2011

Utandørsplanar for i år

Det er lett for å ha høge ambisjonar for hagen og ein vil helst gjere alt på ein gong. Tid og pengar styrer eigentleg det heile, men noko skal vi få til og her er ein smakebit.
Espen skal gjere ferdig terrassa og vi skal legge plast (dei svarte rullane) inntil veggen og fylle på med jord. Klematis og roser skal plantast på kvar side av terrassa som skal klatre opp søylene. Det skal lagast bed inntil husveggen, eg har tenkt mest på rosebed på denne sida.
Jordpåfylling og bed her og. Denne sida av huset skal få eit bed fylt i oldemorsstauder eller gamledagse stauder om du vil. Grasfrø skal såast utanfor beda.
Jordpåfylling til murkanten. Espen skal gjere ferdig muren som skiljer tun og hage.
Igår reinska eg området utan gras. Eg har laga ein raud ring rundt ei fagerbusk som eg har planta. Eg tenke å lage bed bort til fagerbuska i år og fortsette vidare neste år. Det er 17 meter langt bed så eg har ikkje pengar til alt i år (ikkje tid heller). Har ikkje bestemt meg for planter her.
Garasja skal opp der firkanten er laga. I tillegg skal vi male 2.strøk på huset og vedlikehalde/jordfornye det vi byrja på i fjor. Så vi har nok å henge fingrane i, men jammen er det ikkje kjekt og.

søndag 10. april 2011

Glade born og voksne

Denne helga har vore den beste på lenge. Varme grader og delvis sol er noko vi har lengta etter i månadsvis. Vi har fått gjort mykje i hagen, men best av alt er at ungane har vore ute heile dagen. Dei har leika og kosa seg ute frå 08.45 idag.
Slik har det sett ut hjå oss idag. Framleis ikkje grønt, men snøen er i det minste vekke. No ventar vi på at kvitveisen skal kome.
Malin rakar stadig plenen.
Først idag var det kaldt ute og dressen måtte på. Etterkvart som dagen gjekk forsvann eitt og eitt plagg frå kroppen. Bak Malin ser dokke muren som Espen held på med for tida.
Emil må sjølvsagt gjere det same som Malin.
Dei har tydelegvis sett på kva Espen har gjort på for idag sto dei å banka på muren med kvar sin hammar. Pappa trengte litt hjelp meinte Malin.
Dei første blomane i år måtte kjøpast, eg har ikkje tid til å vente på at naturen skal gjere oppgåvene sine sjølve. Påskeliljer, perleblomster og stemor. Alt skal plantast ut i hagen når dei har avblomstra. Kjenner eg har brukt kroppen denne helga og det kjennes veldig bra!

lørdag 9. april 2011

Ein herleg vårdag

Det har vore ein herleg laurdag idag. Vi har besøk av svigermor som har passa borna medan eg og Espen har jobba i hagen. Det var nokre etterlengta timar eg fekk for meg sjølv kor eg har klipt greiner, sortert ut til ved og kasta greiner/lauv ned i skogen. Espen har mura litt og klipt og kasta greiner. Svigermor har raka plenen i ein ledig augneblink. I det heile tatt så har det skjedd ein del her, men som ikkje er interessant å ta bilete av for andre enn oss sjølve.
Ungane har vore ute og kost seg. Emil har sove to gongar idag, det er krevande å vere arbeidskar, og Malin er vel på randen til å stupe til køys no når klokka er halv seks.
Malin ventar på sola og tar på seg dei nye solbrillene så fort ho har sjansen. Vi har ei lita diva her på Dansebakken. Smykker og solbriller uti hagen, men samstundes rotar ho i jorda og grisar seg til med vatn. I bakgrunnen kan dokke sjå epletrea som vi har flytta opp i lyset.
Eg og svigermor kom fram til at det er dyrt med våren. Mange planter, hagemøblar og anna fornying i hagen vert alltid kjøpt på denne tida. Eg er ikkje noko unntak og har kjøpt to klatreplanter idag. Den eine er den velduftande rosa "New Dawn" i lysrosa.
Den andre planta er klematisen "Maria Cornelia" som er kvit. Desse skal plantast saman og bløme om kvarandre i sommar. Desse bileta er lånt frå ein eller annan stad som dokke sikkert skjønnar. Eg synest investeringar i hagen er verdt kvar ei krone, det gir så mykje glede og energi tilbake. Eg gleder meg til å vise dokke vakre bileter frå hagen i månadane som kjem.

torsdag 7. april 2011

Det er lett å la seg lure når ein er våryr

Eg har vore på Plantasjen og latt meg lure. Jamie Oliver veit å lokke pengar ut av vårkåte nordmenn med sin nye kolleksjon. Du kan kjøpe ei vanntett boks med jord og frø som du kan vatne og få friske urter til matlaging. 39 kr for ei boks eller 3 for 100 kr.
100 kr for tre pappkrus med jord og tre-fire frø er vel ikkje akkurat eit kupp. Ein heil pakke med frø kostar 17-18 kroner og pappkrus får du på kva som helst slags bensinstasjon. Men eg lot meg rive med i ein iver over at det er vår og kom heim med tre pappkrus med frø til basilikum, dill og persille. Det einaste aberet er at eg vart råka av vinden utanfor butikken og plastlokka fauk av. Så no veit eg ikkje kva som er kva. Pose for to krone skulle eg ikkje kjøpe, det er jo lureri!
I tillegg til urtene kjøpte eg ein pose med 10 løkar kvite Freesia og ei rot med Løyntantshjarte. Meir om utelivet ein annan dag.

onsdag 6. april 2011

Mor! Far! Sjå ut or glaset!

Eg har ikkje tenkt å la borna mine hoppe på ski frå hustaket slik som foreldra til Sondre Norheim gjorde, men om vi ser ut av glaset så kan augene passere listene som no har vorte kvite. Dette er eit tidkrevande arbeid, men tre glas i stova er ferdig. Og jammen vart det ikkje fint og.
Maskering, grunning, pussing og sparkling, maling av to strøk. Godt at vi har vannbasert maling som tørkar fort.
Det er litt som i eit interiørprogram kor ein heng opp gardinene før malinga tørkar. Herdingstida er satt til eit døgn, men så lenge har eg ikkje tid til å vente. Det ser ut som at det har gått bra.
Slik ser det ut før maling. Pappa er aleine om å meine at det er finast slik. Førebels er vindaugskarmane tomme. Det har si naturlege forklaring i ein liten krabat som riv ned alt han får tak i, men om litt kjem nok mine lyserosa pelargonia i vindauget att, og nåde den som riv dei ned.

lørdag 2. april 2011

Klar til selskap

I år fyller Malin fire år og borna som er like gamle som henne har byrja å arrangere barneselskap. Selskap er framleis litt nytt for Malin så det er stor stas å skulle gå i selskap. Idag var ho invitert i heile to selskap, og ingenting er kjekkare enn å få pynte seg før ein skal gå.
Kjole i lilla med diamantar, glitter og perler, armeband og fletter i håret. "Eg e prinsesse" seier Malin.
Malin er kjempekry, ho gleder seg og vil gjerne at mamma tek bileter av henne når ho er så fin. Eg misunner henne å ha slik glede av små ting, sjå stort på alt og vere så glad for så lite.
Ein liten prins som ikkje fekk vere med i selskap var likevel nøgd når han fekk prøve prinsessa sin sykkel og hjelm. Synest han er så herlig på dette biletet at eg måtte berre publisere det ;-)