onsdag 30. september 2009
Kledninga er på vei opp
No har det gått ein månad sidan snekkarane kom og det har vorte gjort ein heil masse sidan då. Huset er tett og no er kledninga på vei opp.
Synest huset vart så fint med arka og verandaen oppe på 8 m2. Vindauga og dørene er også veldige fine. Vi er veldig fornøgde med arbeidet som er gjort til no.
På grunn av det dårlege vèret får vi ikkje grunna huset. Det skal gjerast så fort som mogleg, men det må vere tørt først. No følg eg med vèrmeldingar og kryssar fingrane.
Kledninga er tydeleg prega av regnet.
Stilaset hadde vore kjekt å bruke i forbindelse med malinga. Her ser dokke Malin, mor til Espen og Espen på inspeksjon.
Elektrikaren har vore og lagt varmekablar på bad, vaskerom og gang nede. No er det klart for støyping. Under kablane er det lagt isopor, plast og netting.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Oiiii! Snakk om fremgang! Så stort og fint huset blir:) Gleder meg til neste innlegg allerede:)
Dei jobbar på spreng dissa karane, kjekt at det ikkje blir ståandes lenge uten at ting blir gjort:)
Helsing fra Siv
Blir nok kjempe bra når det står ferdig:) :)
Legg inn en kommentar