fredag 2. oktober 2009

Ei sein overrasking

I vår kjøpte eg nokre liljeløkar på hagemessa i Arenum. Dei andre liljene kom midten av august, mens desse liljene har det vore knoppar på i fleire månadar utan at eg trudde dei skulle bløme.
Når vi kom igjen frå turen til Volda i forgårs var liljene kome fram. Dei ser ikkje slik ut som dei skulle desse heller, dei skulle eigentleg vere rosa, men desse er vakre dei og. Dei berre måtte komme no visst dei skulle kome i det heile tatt, det nærmar seg null grader om natta. Eg er litt forundra over dei som solgte meg løkane. Ingen av dei er slik som dei skulle vere. Kjem ikkje til å kjøpe hjå dei igjen for å seie det slik.
Eg plukka ein kvast som eg har tatt med meg heim. Det gjer seg med blomar i vindauget. Dei avgir ei svak duft også. Legg merke til vèret ute, det er tett tåke og 3 grader. Ingen tvil om at det er haust.

6 kommentarer:

Husdraumen sa...

Du kor flotte dei var!
Skal sjekke ut bord frå IKEA, takk for tip:)

Anita

Tullik sa...

Blomane var fine dei. Heldig at du fekk blom på dei då. I dag tidleg var det rim på bakkane i kyststøka litt sørvest for deg...

Anonym sa...

Å so herleg med eit vårteikn i tjukkeskodda! Dess lenger me er komne mot vinter, dess kortare er det til våren kjem veit du ;o)
Håper alt går bra elles, det e so spennande å følgje med på bloggen korleis framgangen med huset er.
Me snakkast vel :o) Klem. Lene.

Tomines hjem sa...

heihopp!! hilsen til deg hos meg!!

Marthe sa...

Det var nok alle totenvibbene som kom gjennom skjermen din og forlangte at du skulle besøke meg akkurat i kveld;) Var ikke totningene flinke? Hehe:)

Tja, jeg har holdt sånn noenlunde på dialekta mi. Den kommer og går litt. Burde vært flinkere, jeg er veldig glad i dialekter, men har nok blitt litt ødelagt av å ha bodd borte i mange år.

Nydelige blomster!! Ha en super fredagskveld med gullrekka:)

Villblomsten sa...

Flotte blomster :-)
Lykke til med huset :-)