torsdag 3. september 2009

Baby på veg

Det er vel på tide å fortelje at Malin skal verte storesyster. Det vert omlag 2 år og 3 mnd mellom dei. Altså andre halvdel av november vert familien større. Det er akkurat passe synest eg då eg sjølv har ein bror med aldersforskjel 2 år og 5 mnd. Sjølv om vi krangla og sloss så mor mi trua med å verte ein blå røyk, var vi aldri aleine og hadde kvarandre å leike med.
Formen min er slettes ikkje bra og det pregar kvardagen i stor grad. Eg har bekkenløysing og har vore sjukemeld frå jobben i to månadar. I tillegg kjem alt stresset med grunnarbeid, vatn, kloakk, linjer hit og dit og no sjølve husbyggjinga. Telefonen står ikkje stille, og det er mykje som må koordinerast. Det er vanskeleg å slappe av i perioder. Eg har heldigvis Espen som er snill og hjelpsam, men han vert sliten han og med lange dagar på jobb. I sommar har vi hatt mykje avlastning frå besteforeldre, men no når hausten er komen er vi tilbake der vi vanlegvis er. Håpar sjølvsagt eg får mindre å passe på no når huset har tatt til og vi ikkje lenger har ansvaret. Eg treng å slappe av no når vi har flytta og har vorte forkjøla opp i alt.
.
Vi gleder oss sjølvsagt til at den nye babyen skal kome sjølv om mykje anna tek fokuset no. Håpar sjølvsagt det vert litt rom for å sy og strikke framover når eg no er sjukemeld. Når han først er fødd trur eg neppe det vert så mykje tid til akkurat det, iallfall ikkje med det første.

8 kommentarer:

Husdraumen (tidl. Bygging av drømmehuset vårt) sa...

Gratulerer!!! Kor spennande!
Ikkje kjekt at du ikkje er i form, kryssar fingrane for at du blir bedre. Du får bruke tida til å sy, strikke og blogge. Mykje fin inspirasjon å finne i blogglandia i alleafall:)

Anka sa...

Åååå, GRATULERER!!! Så koselig å klikke inn på siden din å se en så god nyhet. Håper du vil føle deg bedre snart da... Kos og klem.

Monika sa...

GRAttis
SMIL FRA MONIKA

Anonym sa...

Må kje slite dokke ut no da Torill:)

Helsing fra Siv

AnnetteK sa...

Gratulerer så masse. Ta vare på deg selv og familien, og prøv å få til noen dager/ettermiddager uten stress :)

God klem fra med :)

Helga og Steffen sa...

Du, di lure!! E nå ikkje lenge til det!!! Så kjekt, Torill!:) Når ser dåkke for dåkke innflytting? Håpe forma blir litt bedre hvis du klare å få slappa av litt! klemklem!

Ingeborg sa...

Så utruli kjekt:) GRATULERA! Men håpe formen kommen seg då Torill...å at dåkke ikkje slite dåkke ut....

Lykke t me alt i hop:)

Anonym sa...

gratulerer Torill, gleder meg masse til å bli tante igjen!! :)
og gleder meg til huset blir ferdig slik jeg kan komme på besøk! Ser dere så skjeldent, savner virkelig go' jenten min. Hils så masse. Klem Marielle