mandag 14. september 2009

Scrappehelg/husmorferie

På torsdag tok eg flyet til Oslo for å tilbringe langhelga i Fetsund. Der bur Rigmor som eg har budd ilag med i studietida og som eg har halde kontakten med sida den gongen. Vi avtalte ifjor at vi skulle møtes ein gong i året kor vi byttar på kven som skal reise. Denne gongen var det min tur og det måtte gjerast no før eg vart for langt komen i svangerskapet og før nye born kjem til verda. Flyet landa til sol og blå himmel, og slik har det vore heile turen. Endeleg var turen komen for litt godvér sjølv om det måtte verte haust først.
Rigmor introduserte meg for scrapping sist gong ho var på besøk. Ho har halde på ei stund og eg har fått smaken på det også. Å vie ei heil helg til papir og lim er luksus for begge av oss, og det gjekk nokre timar til det sjølv om vi gjorde andre ting og. Fredagen reiste vi til Strømmen kor der er ein diger scrappebutikk; Bikuben. Eg vart heilt overvelda. Det finnast eiga nettside for butikken om du er interessert. Her ser dokke Rigmor i aksjon. Å finne det ein leitar etter er ikkje alltid lett når utvalet er så stort at ein veit ikkje kva ein skal velje.
Desse bileta viser ikkje halvparten ein gong over kva som fans der. Hyllene sto tett i tett med papir og pynt opp og ned langs veggane. Vi tilbrakte tre timar der den dagen. Ein butikk eg sterkt anbefalar. Einaste minuset var at det var vanskeleg å få satt seg ned. Kroppen min var litt i sjokk etterpå.
Den første sida eg fullførte var bileter tatt på Valentinsdagen i år. Eg brukar ikkje markere denne amerikanske trenden, men bilete av Malin og Elias passa så godt til akkurat denne dagen at eg drista meg til nokre hjarter. Det var ein heilt fantastisk dag med store mengder snø, passe kaldt og vintersol. Håpar at det kjem nokre dagar av desse i år også.
Som born flest elskar Malin is. Desse bileta er så fine synest eg og så dei fortjente å forevigast på vakkert papir. Sida er enkel, men uttrykksfull nok etter min smak. Legg merke til sirklane i det kvite arket.
Det er klart ein må lage ei side om dei første stega ein tek. Det var ein stor dag for oss alle når ho stabba bortover golvet for første gong. Det var ikkje heilt enkelt å få til denne sida då mønsterarket er svært dominerande, men eg ville ha arket fordi det sto så godt til bodyen ho har på seg på biletet.
Eigentleg hadde eg ikkje nokre fine bileter frå gebursdagen til Malin, men 1 års dagen må ein likevel scrappe synest eg. Bileta viser kaos og mykje detaljar, så det spela inga rolle kva fargar eg brukte. Eg fant eit mønsterark med presangar på og tok utgangspunkt i fargane der. Ikkje alle sider kan ein vere like heldig med, og det tek litt tid før eg venner meg til denne sida.

Ellers i løpet av helga har vi gått på sushirestaurant, kafé, bakt kanelbollar, ete krabbe, vore på sightseeing i bustadområder (å kike på hus er alltid kjekt), laga god mat og kost oss. Det har vore utruleg deilig å få kobla av og berre tenkt på meg sjølv. Det har vore mykje sjukdom og bekkenløysing dei siste månadane så denne turen gjorde meg godt. Likevel er eg glad for å vere heime etter ein slitsom dag med reise. Eg har nytta tog, fly, buss, bil og ferje idag og har fått mi dose av transport. No skal eg avgårde å gi mi stemme til Stortingsvalet og hente Malin i barnehagen. Ho har gleda seg enormt til at eg skal hente ho idag, og mora gleder seg sjølvsagt til å sjå henne att etter nokre dagar barnefri.

Godt val!

Ingen kommentarer: