tirsdag 8. september 2009

Babydress frå Dalegarn

Dette dagslyset er ikkje lett å fange når ein bur i ein kjellar med lite lys og det i tillegg er haust med skyar og regn utanfor. Det er klart at dokke ser kva bileta mine skal forestille, men like viktig er fargen på garnet. Dette var det beste eg fekk til.
Eg har strikka hentesett til den vesle som kjem i november. Eg får små born (Malin var 45 cm) og var ute etter noko som passa når han vart fødd og ikkje tre månadar seinare. Dette er strikka i minste størrelse. I følge oppskrifta skulle dressen vere 53 cm lang. Min er 42 cm. Med eit hovud oppå vert det nok akkurat passe. Oppskrifta viste til eit bomullsgarn og pinne 3,5. Eg endra garnet til babyull og strikka det i pinne 3. Eg beholdt maskeantalet, men proposjonerte det litt mindre. Det lyseblå og naturkvite garnet er frå Dalegarn. Det brune er Bambinoull.
Oppskrifta er henta frå Dalegarn sitt hefte nr 197. På magen skulle det heklast ein bamse. Eg har hekla hovudet litt mindre enn i oppskrifta. Munnen og nasa er brodert på med kjedesting og augene har eg berre rota i hop. Skulle eigentleg vere fransk knute, men det var ikkje så lett å få til. Brodering er ikkje mi sterke side, og eg var til og med på biblioteket igår for å finne ut av desse broderistinga.
Dressen har raglanfelling noko eg er tilhengjar av. Då vert armane garantert fint påfesta. Det skal også vere to knappar i halsen, men Osterøy har ikkje knappar eg likar så då får det vente.
Beina har opning nede kor det skal festast 7 knappar likt fordelt rundt. Alt i alt synest eg dressen vart kjempefin. Den er enkel å strikke for den som har litt erfaring, og det gjekk ganske fort å lage den. Det må vel seiast at det hjelp på å vere sjukmeld når det gjeld kor fort det tek å strikke dressen. No har eg planar om å strikke hue og lestar i same stil.

12 kommentarer:

kjersti70 sa...

Det var ein kjempefin dress!

Eg skulle så gjerne hatt ein liten gutetass å vente på eg også; det er nå veldig kjekt med desse babyane...

Men den tida er over for min del; eg får heller håpe på at eg kan få pludre litt med han som kjem i din heim :)

Hus på solsida sa...

Heisann.
Eg har egentlig ikkje plass til alle prosjekta mine eg heller... Men vi har god lagringsplass i garasje og uthus, så alle prosjekta eg har undervegs til huset er ferdig kan eg oppbevare der :-)
Sushi fikk eg akutt lyst på i gårkveld. I førde er det ingen Sushi restauranter, og det var for seint å begynne å lage heimelaga sushi, så det blei ferdigsett fra frysedisken på Rema =) Heilt greit det, og sushilysta blei dekka =)
*klem Astrid*

Anita Kristin sa...

Den dressen var kjempefin. Det er so kjekkt å strikke slike små kleder, og kle på ein liten noko som ein har laga heilt sjølv.

Fortsatt flott veke!

Husdraumen sa...

Kjempeflott sett! Imponerande:)
Vi bur ti min å kjøre frå nyehuset. Ikkje so mykje organisering no når eg er i permisjon, blir vel meir når eg skal tilbake i jobb og vi skal byrje med eigeninnsatsen samtidig;)

Anonym sa...

Halloen Torill! So fine dressen blei, og det vert lekkert med hue og sokkar til. Må sei du imponera mej! Gler mej til å sjå dokke igjen snart. Klem Lene

Eva sa...

Så søt en liten dress :o) Har også fått små babyer - alt var liksom altfor stort lenge...
Takk for kommentar her om dagen hos meg. Vi holder oss til et rimeligst mulig budsjett når det gjelder bryllupet, men jeg tror nok det skal bli bra uansett :o)

Ha en fin kveld!

Aud-Marte sa...

So søte dress! Du e so flinke!

Artig å sjå framgongen på husfronten :) Forstår godt at du blir sliten av alt so skjer!

Husdraumen sa...

Jepp! Men det er jo det som er halve gleda av å byggje hus:) Å tenkje og planlegge, når huset først er oppe trur eg ikkje at eg kjem til å bry meg so mykje lenger;)

perler på en snor sa...

Takk for hyggelig kommentar på bloggen min:)
Du ser ikke kjelleren på huset vårt da den er delvis nedgravd. Vi får vaskerom og boder i kjelleren. Og to større rom og bad som ikke skal innredes ennå.
Skalbli spennende å følge med på deres hus og:)
Ha en god kveld:)

Marthe sa...

Hei Torill!

Så utrolig flink du er til å strikke! Heldige, heldige babyen som får kose seg i en slik dress på vei hjem fra sykehuset. Jeg fikk hjemmestrikka hentedress til Mathea'n vår av tanten min, men den er fortsatt for stor. Vi får bruke den utover vinteren;)

Så morsomt at jeg fikk dere til å skifte middagsplaner, hehe:) Får håpe fiskekakene smaker like godt en annen dag;) Skjønner godt at du savner sol og sommer, men du får kose deg med alt som hører høsten og regnet til også: sofakos under pleddet, en varm tekopp og masse tid til å strikke og kose deg:)

Ha en flott kveld!

AnneKa sa...

Nydelig dress, lurte på om eg skulle strikke litt babyklær til julemessa. Kan tenke meg det kan være noe som selger. Gratulere med baby i vente:)) og med huset går det fremover ser jeg. Mosomt å følge.

Som mine dager er sa...

Lekkert og delikat! Flott håndarbeid. Dette kan du. Liker fargevalgene veldig godt - de passer så utrolig godt sammen.

Ha en flott helg.

Marit