tirsdag 15. september 2009

Andre etasje og takstolar på plass

Det er kjekt å kome heim frå tur når det har skjedd så mykje med huset. Framgangen er så synleg når ein reise huset i forhold til når dei byrjar innvendes. Takstolane kom igår og det manglar vel berre fire stykker for at alt er på plass. Dei kjem idag. Snekkarane skal sette opp søylene som Espen skal støype rundt. Det stikk ut ei ark i midten framme og det skal vere takoverbygg over inngangen bak.
I strålande solskinn nyt vi det som liknar meir og meir på eit hus.
Baksida av huset. Nede ser ein allereie kor dørene og vindauga skal vere.
Eg er så nyskjerrig at eg måtte klatre opp stigen til andre etasje for å sjå korleis det var der. Bileta er tatt mot naboen og øvrige hus på Burkeland. Her vert det to soverom.
Venstre halvdel av denne sida av huset vert bad og andre halvdel vert soverommet som eg og Espen skal ha.

Måtte sjølvsagt ta eit bilete av hjarte i huset. Kjøkkenet.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Oj oj, ka tid skal det stå ferdig og innflyttingsklart??

*Siv*

Husdraumen/Anita sa...

Jey! Gledar meg på dine vegner. Veit *akkurat* korleis det kjennes;)

Anita

Anita sa...

Oi, det har gått fort. Men det er godt å flytte inn i noko som er heilt nytt, sjølv om det tek si tid.

Ja, den er fin den vegen rundt vatnet. Håpe berre at det ein vakker dag gjenge heilt rundt.

Aud-Marte sa...

So spennandes! Veldig kjekt når en ser korleis romma tek form etter kvart :) Ser fram til å besøke dåkke i nytt hus! Men får no håpe me ser dåkke før den tid då...