onsdag 27. august 2014

Solskinnstur på Nonkletten

Idag har vèret vore fantastisk. Tidleg haust, godt med varme og ingen vind. Perfekt for ein fjelltur. Nonkletten eller Lia som dei seier lokalt, er ein liten topp med start frå Tysse bedehus. Nonkletten er starten på løypa om du vil nå den pittelitt høgare toppen Sørkletten som er på lista over fjell på Osterøy.
Vi gjekk ifrå bedehuset og fylgde ein sti mot idrettsbana. Denne stien er feil og den skal du IKKJE gå. Gå stien som ligg over vegen frå bedehuset. Du kryssar ein bekk og møter på ein port. Stien er merka med blått heile vegen og det er ikkje vanskeleg å finne fram. På veg opp der det er mykje berg opplever du den beste utsikta.  Dette er utsikt mot Molvikagrendi, Tjuvasundet og Paddøy.
Molvikagrendi med Kjellrusen/ Austlendingen som det største fjellet bakerst.
Utsikt mot Ostereidet og Eknes. Fantastisk flott kjensle å stå her og nyte kveldssola.
Toppen har ikkje noko utsikt verdt å nevne, men der er ei postkasse med bok. Boka var ikkje godt brukt då forrige mann som hadde skrive seg i boka var der for 16 dagar sidan. På kartet ser dokke Sørkletten som står på lista mi og der går det ein sti vidare frå Nonkletten. Det er mykje furuskog og ulendt å kome fram så om eg tek turen dit får vi sjå. Eigentleg er eg nøgd med turen idag.

Turen til Nonkletten passar til born. Skotøy er støvlar eller vanntette tursko. Ein voksen brukar 45-55 minutt vil eg tippe. Endomondo-appen min svikta som vanleg så den registrerte tur i to minutt. Difor har eg ikkje tal på kor langt det er. Eg har ikkje tatt bilete av meg sjølv idag, men eg hadde Torhild som turvenninne så det får vere vitne nok. Heim kom eg med våte og skitne bein, så då er alt som normalt.

Ingen kommentarer: