tirsdag 5. august 2014

Lovisenberg familiecamping

Eg har ikkje fullført blogginga om ferien. Det er den nestsiste om dokke framleis heng med. Lovisenberg familiecamping ligg i Kragerø. Vegen dit frå hovedvegen er kronglete, smal og litt "er vi kome på rett veg"? 4 km på ein svingete, smal og Postmann Pat-aktig veg så er du til ende på ein flott camping som byr på mange ting.
Fordi campingen i Grimstad hadde ein kald fjord med masse brennmanetar tenkte vi at vi måtte finne ein campingplass med basseng. Lovisenberg har eit saltvatnsbasseng med ei super sklie. Bassenget er felt inni fjellet og det er moglegheit for å ligge ved kanten å sole seg om du berre vil det. Kiosk er der og. Malin var storfornøgd med sklia og bassenget. Dei to andre var heller tvilsam og ville helst på leikeplassen.
Første natta. Eg seier det igjen. Ungar som søv er det finaste som fins.
Campingplassen hadde ein veldig stor og flott leikeplass. I tillegg til dette store stativet med mange sklier så var det karusell, hoppepute og dissestativ. Og ved resepsjonen kunne ein låne trøtraktorar og trøbilar for dei litt større.
Godaste Anna. Ho var like fornøgd med å sjå på andre leika som å leike sjølv.
I tillegg til eit flott basseng så har dei ei sandstrand som er like bra. Det er brygge ut til stupebrettet, sandvolleyballbane, solsenger, gjestebrygge og den rette kjensla av å vere på Sørlandet.
Det er veldig reint på denne campingen og ein fin atmosfære.
Espen og Malin. Temperaturen var rett og slett bra!
Trailersjåføren vår. Ho har sin egen stil, det er sikkert. Ho og Emil koste seg mest med sanden medan Malin likte seg best i vatnet.

Campingplassen var i utgangspunktet nesten perfekt. Den har minigolf, fleire basseng og sklie, sandstrand, stor leikeplass, restaurant, butikk og fint sanitæranlegg. Det som trekk ned er dyr dusjing (20 kr for 3 min) og vasking av klede var også stivprisa, campingplassen mangla sjel og var litt for mykje kommersiell. Kokemoglegheitene var ikkje noko å skryte av og stellerommet var skittent. Etter vår smak så var den litt for stor og uoversiktleg, men eg kan gjerne campe der igjen på grunn av bademoglegheitene. Eg gir Lovisenberg familiecamping terningkast 4.

Ingen kommentarer: