tirsdag 5. august 2014

Ein fjelltur er den beste medisin. Tur på Tveitafjellet.

Det har vore kjekt å kome tilbake på jobb etter ferien, men det er mykje som skal takast att så det har vore lite rom for pauser desse dagane. Så kjem eg heim etter jobb kor det er minst like intenst. Topplokket mitt byrja å koke så fjellturen ikveld passa perfekt. Eg tenkte meg eigentleg ikkje om. Eg tok på meg kleda, fylte flaska med vatn og lada telefonen litt ekstra. Ingen vegring, ingen behov for å ta med meg nokon, eg berre gjorde det! 
Eg køyrde til Myking og tok første veg til  venstre etter skiltet til Kalleklauv (frå Lonevåg). Eg parkerte før dei to siste husa og gjekk vegen opp til siste hus (Turdalen). Der byrja stien. Den er lett å sjå heile vegen. Nokre blaute parti på vegen, men ikkje verre enn at eg hadde joggesko. Stien er stort sett lett å gå så det skal ikkje vere så alt for vanskeleg for dei minste. Det er litt "skogete" i starten, men så opnar det seg opp. Undervegs møter ein nydeleg utsikt mot Storavatnet.
Det er ikkje alltid toppen som har den beste utsikta.
På toppen ser vi Osterfjorden med Fotlandsvåg til høgre og Ostereidet til venstre for fjorden.
Fjordutsikt mot Fensfjorden.
 Osterfjorden mot Knarvik og Hordvik.
Korleis tek folk desse vakre sjølvportretta (selfie om du vil) når dei trenar? Eg hadde nok med å puste og få til eit smil. Men det er iallefall eit bevis.

Litt om toppen. Tveitafjellet er 556 m.o.h  og du kan gå opp både frå Myking og Hosanger. Kvart år arrangerer Mjøsdalen IL motbakkeløp med start frå ungdomshuset i Hosanger og løypa er 3,8 km. Frå Turdalen kor eg gjekk er det 1,81 km opp i følge Endomondo. Forøvrig er eg litt tvilsam til denne appen, men det kan likegodt vere min feil. Eg brukte forøvrig 32 minutt ein veg.

Eg anbefalar turen på det sterkaste. Ta på deg skoa og berre gjer det!

Ingen kommentarer: