torsdag 7. august 2014

Siste del av teltturen

Det kjennes lenge sidan vi hadde ferie så det er på tide å få skrive ned historikken for eg gløymer den. Siste del av teltturen var i Sverige, men ikkje lenger vekke frå Noreg enn at vi kunne gå til grensa...
Frå Kragerø køyrde vi til Sandefjord. Ferja til Strømstad gjekk kl 13 og i varmen fekk ungane nok ein is før vi var ombord. Kan legge til at vi betalte 99 kr for turen. Det er tydelig at dei tener mykje pengar på tax free.
Ombord var det ansiktsmaling og leikerom for ungane. Tida gjekk fort på båten og ganske knirkefritt.
Vi hadde først tenkt å campe ved kysten då målet med turen var å oppleve Bohuslän sin skjærgård, men så har det seg slik at i Sverige kan ein reservere teltplass på førehand så det var ikkje ledig ein einaste stad. Så ringde vi, 3,5 mil frå Strömstad inni i landet heilt i grensa til Halden, til Bullarbyen familiecamping. Berre kom sa dei. Flott! Og vi vart ikkje skuffa. Då vi kom dit var det 34 grader og steikande sol. Vi kunne ikkje kome fort nok i vatnet. Det var alt for varmt til å setje opp eit telt så vi fekk låne ei hytte første natta. Men, for eit deilig vatn! 24-25 grader var det sagt, ferskvatn og fint tilrettelagt for liten og stor.
Vi elskar lange frukostar med deilig pålegg, nybakte rundstykker og konversering i timesvis rundt bordet . For ei lukkeleg familiestund det er.... Bilete lyg ikkje. Hytta var grei den, men vi sov dårleg då madrassene var dårleg og det var mykje varmare inne enn i telt om natta. Vi rakk ikkje bruke dusjen, og doen tok eg så vidt i bruk med døra open mot parkeringsplassen. Espen fekk satt opp teltet om morgonen før varmen slo til og så fort vi fekk moglegheit hoppa vi i vatnet.
Eigaren av campingplassen hadde ein fascinasjon for 50-talet. Ein gammal bensinstasjon og ein søt liten bil eg ikkje kan navnet på. Eigaren var ein artig mann som stadig køyrde rundt i ein golfbil med støvsugar bak. Han tok seg tid til å prate med alle nye campinggjestar og hadde ganske god kontroll på alt som rørte seg.
Ilag med campingen var det ein restaurant som køyrde 50-talet til fingerspissane. Utruleg flott og god mat var det og.
Litt uklårt bilete då fotografering var det siste eg tenkte på med Emil som knuste glaset sitt og fekk halve brusa si over maten, men ein flott restaurant. Dei fleste gjestane satt ute, vi var ikkje aleine. For oss var det luksus å sitje inne.
Slike bilar var det mange av. Det er tydelegvis eit miljø for 50-talet i området. Stadig var det restaurantgjestar og fastbuande campingturistar som hadde bilar som var lange som bussar og så polerte at ein kunne spegle seg i lakken. Dei er ganske fine då, Malin synest den rosa var den finaste.
Emil er inga badenymfe, men i dette vatnet våga han seg til å dukke hovudet under og hadde det til tider kjekt i vatnet. Malin bada ustanseleg. Det som hindra oss i å kose oss fullt ut ved stranda var kleggen. Den var ganske hissig ved vatnet så vi måtte ta pauser innimellom.
Brygge, stupebrett, sklie og fin sand.
I tillegg til ein fin badeplass så er dette vatnet bra til fisking. Ein kan også låne båt og kano.
Samling av vennane før siste kveld før avreise.
Campingtrollet.
Koseguten Emil.
Så søte. Ein må nyte augneblinken før dei vaknar og oppdagar kjærleiken.

Denne campingenplassen hadde det meste. Sjarm, service, reint sanitæranlegg, rimelege prisar, bade- og leikemoglegheiter, fiske og båt. Det som trakk ned var kleggen og kort opningstid om kvelden i kiosken. Ein har lyst på kald drikke om kvelden og når det er varmt. Eg gir campingplassen ein klar femmar. Ungane kunne springe fritt, vi hadde oversikt og det var mykje hyggelege folk på campingen. Denne plassen anbefalar eg.

Vegen heim var lang. Vi køyrde i eitt strekk frå Sverige og heim. Det gjekk fint i bilen og vi hadde oss eit langt stopp i Flå. Vi var litt lei av teltlivet så vi reiste heim etter 10 dagar, men ikkje lenge etter at vi kom heim så freista det å reise på tur igjen. Diverre var vèrmeldingane usikre så vi var heime siste veka. Om eg skal gi noko teltferietips så vil eg seie at det beste er å verte på same staden 4-5 netter. Ikkje er det kjekt å pakke heile tida og ungane trives med å vere på same stad lenge. Det er då viktig å finne ein campingplass ein kan leve med over tid og kor alle kan slappe av og ha det gøy. Eg har iallefall ikkje tatt skrekken av telt. Frisk luft døgnet rundt, rimeleg feriealternativ, primitivt og ei øving i å ta omsyn til andre rundt seg.

Ingen kommentarer: