lørdag 2. mars 2013

Tapas på menyen

Tapas høyres så enkelt ut. Og det er ikkje noko komplisert heller, men det tek tid når ein lagar alt sjølv. Idag inviterte vi to av våre gode naboar til middag. Malin hadde sagt tydeleg ifrå at no var det på tide å invitere og ho hadde sjølv laga "middagskort" til kvar enkelt av dei. Ho hadde teikna kjøttbollar og potetmos og skrive tydeleg og fint "Vil deko koma på middag?" Og dei inviterte takka gladeleg ja og eg måtte finne på noko med kjøttbollar. Det vart tapas og matlaginga har tatt heile dagen mellom mekling, bleieskift, amming og rydding av hus. Litt slitsomt må eg innrømme, men no gløymer vi det. Ungane var kjempesvoltne då maten kom på bordet så eg rakk så vidt å ta eit bilete av kvar rett. Stakkars gjestar som besøker ein bloggar. Alt skal takast bilete av og "dokumenterast" som eg brukar å seie.
Salat med raudlauk, tomat, mozarella og basilikum. Eg droppa dressing denne gongen, men olivenolje og balsamicoeddik passar godt om eg skulle ha nokre edle dropar på.
 Fullkornstortilla med Tine kremost urter. spekeskinke og ruccola.
Eg hadde først laga ein aioli av kvitlauk, eggeplomme, olivenolje, sitronsaft, kajennepepar, salt og pepar. Den vart mislykka av ukjent årsak og Mills redda meg. Kjøpt majones tilsatt kvitlauk og symbolsk kajennepepar (pittelitt).
Marinerte kyllingspyd. Del 5-6 kyllingfiletar i tre på langs. Bland 1 toppa ts karri, 1 ts spiskummen, 1 toppa ts paprikapulver, 3 hakka kvitlauk, 4 ss sitronsaft og 7 ss olivenolje i ein bolle. 
Vend kyllingfiletane i blandinga, og sett bollen i kjøleskapet med plastfolie over i minst 2 timar. Tre kyllingane på spyd, og steik dei i smør i panne på middels varme til dei er gjennomstekte. Eg fekk 18 spyd som rekk til 6-8 personar.
Kjøttbollar i tomatsaus har eg laga mange gongar etter oppskrift frå ei venninne. Denne gongen har eg gjort litt om på oppskrifta og eg synest personleg dei var betre idag enn nokon gong. 800 gr karbonadedeig, 3 pressa fedd kvitlauk, ei lita handfull med persilleduskar som eg finhakka, 2 egg, 1 dl strøkavring, salt, 1 toppa ts paprikapulver, 2 ts kajennepepar, 1 toppa ts spisskummen og 0,5 dl varmt vatn. Bland godt og trill bollane. Steik bollane jamt på alle sidene i ei middels varm panne med olje. Ha bollane i tomatsaus.

Oppskrift på tomatsaus: Surr 1 stor finhakka lauk på svak varm til den vert blank. Tilsett ei boks med hakka tomatar, 1 dl vatn.og 1/5 buljongterning. Tilsett chilipulver/chili/kajennepepar etter ønske. La dette putre i ein halvtime før du heller kjøttbollane i.
Potetene hennar Beate er visst ikkje så populære blant det norske folk har eg lest. Dei skal visst vere stygge å sjå på. For min del handlar ikkje mat om utsjånad, men om smak og kvalitet. Desse potetene er kokefaste og fine til potetbåtar. Eg brukar minst mogleg olje når eg har dei i ovnen (200 grader til dei får litt steike-utsjånad), då vert dei meir sprø. Eg strør litt havsalt på toppen.
Foccacia. Det er faktisk første gong eg har laga det. Og det har nok med at det berre er kveitemjøl og ingenting grovt i. Godt er det likevel, må innrømme det, og det er veldig enkelt å lage. Ha 3 dl lunka vatn i ein bolle. Tilsett 25 gram fersk gjær, 1 ts sukker, 1 ts salt og 450-500 gram kveitemjøl. Bland til ei deig som ikkje er for fast. La det heve i ein halvtime. Sett steikeovnen på 200 grader. Bak ut deigen til ein tjukk firkant. Ha litt olje på fingrane dersom det er vanskeleg å elte ut deigen. Prikk med fingrane hol fordelt utvoer brødet. Pensle med olivenolje, dryss havsalt og nykverna pepar. La heve i 15 minutt. Steik brødet i 20-25 minutt. Nyt!

Fordi borna var svoltne og gjestane hadde sett seg til bords, rakk eg ikkje steikte dadlar med bacon før etterpå. Det er ein obligatorisk tapasrett. Betre seint enn aldri. Eg hadde heller ingen rettar med sjømat, men om eg skulle ha valgt det så ville eg ha hatt chilimarinerte scampi og tortillalefser med røkt laks inni. Varmrøykt peparørret som dei lagar her i bygda smakar også veldig godt. Maten idag vart servert med øl, vin, brus, saft, melk og vatn. Så alt går an. Alle koste seg og no er vi mette i magen. Det tok lang tid å lage, men kva gjer vel det når alle er nøgde.

1 kommentar:

Lykketrollet sa...

Jeg er så imponert av deg, Torill! Ser LEKKERT ut! Jeg skal prøve de kjøttbollene en gang, det har jeg ikke laget før. Elsker tapas! :-)