torsdag 14. mars 2013

Restegarnstrikking

Litt stolt av meg sjølv kan eg vel vere som ikkje har kjøpt nye garnnøster på ei stund. Eller, eg har kjøpt garnnøster av tråd eg akkurat ikkje hadde nok av. Ja, for det er restegarnprosjekt enno. Eg har holdt på i åresvis kjennes det ut som sjølv om det i realiteten kanskje er snakk om litt mindre. Alt har ein ende seiast det, og det vel eg å tru på. Eg er iallefall på god veg til å redusere garnlageret til det minimale. 
Ein genser av Smartgarn frå Sandnes. Sjølvsagt hadde eg ikkje nok, men mamma meinte ho hadde noko som kanskje passa. Om ikkje så får eg bite i det sure eple og kjøpe eit par nøster slik at eg vert ferdig. Halvferdige prosjekt er utruleg irriterande. Genseren er strikka etter ei oppskrift frå Nøstebarn.
For at eg skal klare å kvitte meg med alt garnet har eg byrja å lage restegarnteppe. Dette teppet er pinne 3,5-teppe. Når eg er ferdig med eit prosjekt og har ein stump med garn igjen, så strikkar eg det inn i restegarnteppet. Om eg ein gong skulle verte ferdig, kan eg bruke teppet som leiketeppe eller sende det til nokon som treng det, til dømes kuvøseborn i Afrika.
Her er ein gensar eg ga opp å få ferdig. Eg har leita lenge etter garnet eg mangla utan hell. Å rekke opp mønster er eit herk som dokke ser. Likevel, eg har fast bestemt på at garnlageret skal forsvinne. Forhåpentlegvis før enn seinare.

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

Så bra! Flott å få minimert garnlageret. Har tendens til å hope seg opp. Også her hjemme.

Lina sa...

Åhh, prioriter den neste gang, om du kan ;) den lukte sååå godt, og e så fin! Og kan jo leva vidare i hagen :D vinn-vinn! Ja, da håpe eg óg! ♥ får desverre ikkje med meg neste vekas Hagelagsmøte pga jobb :( men me må finna tid til ein date! ♥

Så flink restegarnstrikkar du er! ;)

Unknown sa...

Syns det restegarn-teppe blir fint eg! Har endel restegarn liggende her og syns 3,5 teppe var ein god ide!