onsdag 13. mars 2013

Morgonstund har gull i munn

Ja så var nok ein morgon over. Dagen byrjar alltid tidleg, idag kl 06.20. Ikkje den verste tida i statistikken, men tidleg nok til at eg lurer på om eg er våken eller om eg drøymer når førstemann ropar. Heldigvis har vi 5-6 barnekanalar som ungane kan kike på medan eg leitar etter viljestyrken. Før eg fekk born skulle ungane mine aldri sjå på tv. Iallefall ikkje meir enn ein halvtime slik som eg gjorde då eg var lita. Kva var det slags foreldre som ikkje kunne vere ilag med ungane sine og som brukte fjernsynet som barnevakt? Det var no ingen vits å få ungar dersom dei ikkje hadde tid til dei? Eg har svelgt nokre kamelar sidan Malin kom til verda. Så mange at eg har ikkje tal. Det er lett å vere betrevitar når ein ikkje veit kva ein snakkar om. 
Ungane sitt ei stund, men etterkvart så er dei svoltne og ropar på mat. Dei innbiller seg visst at eg er ein slags kelnar som kjem med mat når dei ber om det. Eg forsøker med alltid med eit "gjer det sjøl", men det er som å helle bensin på bålet. "Eg e so svolten at eg klara ikkje å gå" med litt grining i tonefallet og vridningar i stolen. Det er så synd i ho at eg må då skjønne at eg må lage mat til ho. Ja det er sjølvsagt Malin eg snakkar om, dramadronning og sjølvutnevnt prinsesse. Emil er litt mindre så eg forlangar ikkje det same av han. Så får dei mat då og er stille litt til. Eg legg meg tilbake i senga, men no er Anna våken så vi står opp. Anna sprellar og lagar fine morgonlydar, men lydane vert forstyrra av kranglelydar i bakgrunnen. "Ka e det som e gale no då?" seier eg. Dei er visst ikkje samde i kva kanal dei skal sjå på. Scooby-doo eller Dora Explorer. Det er ei viss forskjel i å vere 3 år og 5,5 år.
Morgonstunda har passert halv åtte. Det er på tide at ungane kler på seg. Eg leitar fram ullundertøy og klede. Emil kler på seg utan å seie noko, men Malin skal berre sjå ferdig programmet først. Eg går på badet og forsøker å gjere ansiktet mitt normalt. Det tek ikkje lange stunda før eg igjen høyrer lidande lydar frå stolen i loftstova. "Ka e det no då?" seier eg igjen. "Det e so ekkelt med ull, det klør!" Det er omlag 175 dagar i året kor ungane må ha ull på seg så no har eg gått tom for argument for kvifor det er så lurt. Ulla skal visst puste og transportere fukt slik at borna ikkje frys seier dei. Malin frys aldri og ho er varm støtt. Vinteren er klaustrofobisk lang for henne, men ho veit at ho må.
Vi går ned i stova. Ungane er tørste og svoltne igjen. Eg kjenner temperaturen i toppen aukar. Det er på tide med påfyll av energi, men Anna må få graut først. Og det er ikkje enkelt for ho vil helst vifte med hendene og ta skeia i eiga hand. Til slutt gidd eg ikkje å prøve meir. Ungane får melk og appelsinbåtar. "No går vi i barnehagen" seier eg. Eg børstar håret til Malin i eit forsøk på å gjere ho fin på håret, men i følge Malin er eg både stygg med ho og ikkje snill. Ho hyler som ein gris og lid som Jesus på korset. Ho truar meg med å ikkje vere besteven med henne lenger og trampar i golvet i protest. Ein enkel strikk i håret for halde idag. Ho går ut i gangen og kler på seg. Emil har tatt nokre springerunder på golvet sidan eg sa til han at han skulle kle på seg. Han går rundt seg sjølv og syng på ein sang. Han tek på støvlane, alltid på feil fot og ei tynn bomullshue. Eg seier ingenting og tek av han hua og byttar den med ei tjukk ei. Det er -7 grader ute og ungane vert kledd på tjukke lag med jakker, huer og sko. Eg startar bilen så den vert varm, kler på Anna og får ungane ut. Medan eg festar Anna har Emil rukke og få buksene full i snø. Eg hiv han i setet og latar som ingenting. Medan eg festar siste selen som eg febrilsk leitar etter med fingrane fordi den er klemt mellom to seter i det trange baksetet og eg ser ingenting, ser eg på klokka. Ti på ni. Eg pustar inn, ut og inn igjen. Sett meg i bilen og køyrer ned den bratte, isdekka vegen som vi har. Den som gjer at vi ikkje har besøk mellom desember og mars. Iallefall om du ikkje har firhjulstrekk.

Medan eg køyrer på veg til barnehagen tenker eg på kor tid det er min tur å få oppleve desse fine morgonane ilag med borna. Lange frukostar med varme rundstykker og nykokte egg og morosame samtalar frå barnemunn. Ja for det er jo det alle andre har ifølge hjernebarken. Den som innbiller seg ting. Det tek sjølvsagt ikkje lang tid før hjerna vert avbrutt og vi er framme i barnehagen. Klokka er ni og nok ein morgon er over.

(bileta illustrerer Anna 8 mnd)

6 kommentarer:

Unknown sa...

Eg må smile litt her eg sitter for det er akkurat sånn her oss og. Riktig nok ikkje så tidlige morgen her i huset, men sultne unger, krangel om barnetv og store protester mot ullklær. Jaja vi får se fremover!

Ann-Kristin sa...

Så sant, så sant....

Lina sa...

Puhh!

Mallemolin sa...

Hehe...vittig...trur du snakker for 99% av norske barnefamilier! Sjølv om me berre har ein unge kjenner eg meg godt igjen. ;) Det var mykje "sånn skal me no IKKJE gjere med våre unger", "det skal ALDRI våre unger få lov til"-utsagn før O kom til verda...Måtte som alle andre moderere oss litt og svelge ein del kameler!

Marita sa...

Sant så sant - fantastisk skreve! Som Tore seier: - det beste med å vere ilag med andre er at ein ser at det ikkje er noko "likare" (betre) nokon annan stad..... KLEM

Anonym sa...

Trur du må skrive ei bok eller nåke, Torill. Som eg alltid har sagt, du er so flink å skrive slik at det er kjekt å lese :o) Klem Lene.