onsdag 2. mai 2012

Nydeleg vèr og litt hagearbeid høyrer saman

Er det noko eg ikkje gjer så er det å sitte inne når det er fint vèr. Eg bryr meg ikkje om rot og alt som må gjerast inne når vi endelig har sol og varme grader. Ungane har ikkje vore inne i det heile. Berre ein   tur i badekaret før dei fann senga. 
Vi har ikkje sandkasse enno, men ungane fann det godt nok å grave i jorda. Den er ganske tørr no så det vart ikkje så mykje gris.Dei kosa seg og leika seg så fint. Slikt må dokumenterast, det skjer ikkje så ofte. Det endar som regel med krangling og grining, men i ettermiddag har det gått veldig fint. 
Berre idag har tulipanane sprunge ut. Det går så fort! Eg må forte meg å nyte det før det visnar, dei er iallefall utruleg skjønne. Trudde kanskje dei var litt meir rosa, men dette er godkjent. Det rare er at samme sort tulipanar ein meter bortafor ikkje har sprunge ut. Skal tru om det er superjord under desse laukane?
 Smått og vakkert. Eg må nyte dei meir imorgon.
 Espen har byrja å hakke opp gras på den lilla teltplassen. Her kjem det lilla og kvite stauder. Graset i midten skal verte forma som ein sirkel. Trur dette vert koseleg. Eg har mange stauder klar til å plante ut, men eg er skeptisk til frostnetter. Veit ikkje om det tåler det, men det burde dei kanskje sidan det er stauder? Nokon som veit?
Slik vart det tilslutt. Vi skal ta litt og litt om gongen, men den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves.

2 kommentarer:

Lina sa...

Så herleg det biletet av ungane er ♥ Fine!

Å, dette blir så flott, eg må komma og sjå ein dag! Veit desverre ikkje noko ang stauder og utplanting no. Google, kanskje? Vakre tulipanar! Spring ut her og :D

Torill sa...

Eg har forhøyrt meg og komt fram til at eg ventar til frostnettene er over. No står pottene på veranda med tak og får eit dekke med strie om natta.