mandag 7. mai 2012

Soverommet- før og undervegs

Å vise soverommet vårt vert ikkje noko vane. Likevel har eg lyst å gjere det når det er nymala og heilt fritt for rot. Vi flytta inn i nytt hus februar 2010, men eg har ikkje likt soverommet vårt frå dag 1. Årsaka er at panelet i taket og listene har vore umala. Ein hard vinter har skulda for at vi ikkje malte dette på førehand utan å gå i detaljar. I tillegg har vi garderobeskap som følgde med huset som verken er praktiske eller solide og som vi skal bytte ut.
Det første før-bilete viser alt anna enn romantikk og harmoni. Vi har hatt ein tendens til å la soveromma vi har budd sjå ut som eit lager. Iallefall eit rom som ikkje har vore prioritert. Skrivepulten er alt for stor og har stått i vegen meir enn vore til nytte. Det vart lett rot inni og oppå pulten. I tillegg er kontorstolen så stor at du kom deg ikkje forbi senga når den sto inntil pulten. Taket gjer at heile rommet ser gult ut, ein farge eg personleg ikkje er så glad i.
Alt kan verte betre, og slik ser det ut no. Svigermor har mala taket medan eg har malt veggar og lister. Det har tatt si tid, men etter ei periode med seng på loftstova var vi i natt tilbake til soverommet vårt. Utruleg kjekt må eg seie. Nytt sengetrekk har vi fått av mamma. Gråfargen heiter S 5000 N og er to nyansar lysare enn den meir kjente Matrix frå Jotun. Listene og taket er eggekvit.
Lampane skal vi framleis ha, den høgre må vi bytte ut då den datt i frå kvarandre. Nattborda likar eg veldig godt så dei skal også få vere her. Både lampane og nattbordet kjem frå IKEA.
Det er nesten som eg ser at eg søv betre i det nye soverommet. Grått og kvitt passar veldig godt saman. Eg er veldig glad i fargar, men på soverommet passar det best med harmoni og ro synest eg.
Vi er ikkje ferdig med soverommet enno, kanskje eg slår til med eit fancy sengeteppe som vi aldri kjem til å bruke etter eg har tatt etter-bileta?  Eg beundrar dei som reier opp senga si kvar dag og lar soverommet sjå ut som eit interiørblad, men det kjem ikkje til å skje hjå oss. Eg har heilt klart potensiale til forbetring.
Det som skal gjerast vidare på dette rommet er å skifte ut dette skapet som opptrer som eit jordskjelv dersom vi flyttar på det. Det tåler rett og slett ikkje verte flytta. Vi skal erstatte det med Pax frå IKEA og utnytte plassen betre. Eg har ikkje fått malt bak skapet så først må eg flytte ut det  som er inni før skapet vert øydelagt og kasta. Gardiner, lampar og pynt manglar og så det vil kome eit etter-innlegg etterkvart.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Det vart kjempefint!! Gråfargen er ca. den same som vi nettop har måla tre veggar av gangen vår i! Furutrappa mala vi kvit. Vart veldig fint i lag - akkurat slik som soveromet dykkar :)

Linda HD

Lina sa...

Dette vart jo berre utruleg lekkert, Torill! :) Nydeleg gråfarge. Heilt enig med deg, det er harmoniske fargar som tel på soverommet. Skjønnar godt at du føler søvnen betrar seg i dette lekre landskapet! :)

Maria sa...

Dette var fint! Personlig har jeg litt dilla på grått,hvitt og grønt- det er bare nydelig sammen! Takk for koselig kommentar hos meg- jeg legger meg til som følger hos deg- det er så artig å følge blogger som holder på med hage og oppussing- for det holder vi på med også:) Tror det blir massi inspirasjon å hente fra deg:)
Ha en fin dag!

Maria sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Maria sa...

Masse mente jeg:D

Fjordlykke sa...

Det ble skikkelig lekkert. Elsker den fargen! Kjenner til problemet med garderobeskapene. Vi holder på å bytte ut våre også..Pax fungerer veldig mye bedre.

Ha en fin kveld!

Lina sa...

Haha, Torill då, eg har kun vore i EIT selskap der gjestane fekk kvar si gåve med heim. Og veit du? Det var hos DEG, ja! ;) Ikke ver beskjeden ♥ hihi!

Villmarkstausa sa...

Grått er bare lekkert. Blir rolig av den fargen...God helg!

Kathrine sa...

Så fint det har blitt - alt til sin tid er det ikke så? hehe :) forstår ikke at dere med mer enn en unge har tid til noe somhelst jeg :)

Anonym sa...

Hello! Quick question that's totally off topic. Do you know how to make your site mobile friendly? My site looks weird when browsing from my iphone 4. I'm trying to find a theme or plugin that might
be able to correct this problem. If you have any
suggestions, please share. Appreciate it!
Stop by my website - mackeeper cost