tirsdag 22. mai 2012

Masse nytt i hagen

Først må eg seie at det er nokre herlege dagar vi har no. Endeleg kom sommaren til oss! Når det er sagt så må eg vise dokke alt som har skjedd i hagen berre idag og igår. Det er utruleg kor mykje ein får gjort når vind og regn held seg unna. Sjå berre her.
Den lilla teltplassen tek form. Bedet spadde Espen opp for nokre veker sidan, men først no har det vore vèr til å plante noko i det. Vi har ikkje fått kantstein enno, men det kjem.
Heilt ved verandaen har vi planta to klematis og ei klatrerose. Klematisane er i lilla og rosa er i kvit. Espen har festa espalier på begge sider av verandaen så plantene har noko å klatre opp etter.
Eg har vore på planteloppemarknad idag. Eg kom heim med sju planter for den nette summen kr 140. Asters vert lilla og veks litt i høgda. Snøklokkene fekk eg utanom frå ei anna i styret i hagelaget.Silkepeonen kjøpte eg på Plantasjen, småhjerte vart med meg heim frå loppemarknaden, det same med lykkekløver. Lykkekløver er ein knoll så eg må huske å ta den inn til hausten. Frå før har bedet hatt to haustfloks.
Eg hadde fleire lavendel i det rosa bedet som eg no har flytta hit. I tillegg har eg nokre små, skrale stauder som så vidt overlevde stormen. Sjølvsåinga mi har ikkje lukkast i særleg grad, men det vesle av myskmalva som overlevde har eg planta i jorda no. I tillegg har eg ei plante frå loppemarknaden som eg ikkje huskar navnet på.
Den ukjente planta ser slik ut. Den er lilla og har blad som er grøne og sølvfarga. Kjenner du denne?
Eg fekk med meg heim ei busk, vierhortensia, som var ei gåve frå ei i hagelaget. Den har eg ønska meg sidan eg var på besøk hjå ho ifjor. Den får store, kvite klaseblomar og duftar fantastisk. Berre vent å sjå på seinsommaren!
Dette bilete må forstørrast eller berre la vere å sjå. Veldig mykje av staudeme i dette bedet er små og miserable etter ein dårleg oppvekst og ein frykteleg storm. I den raude firkanten har eg planta forglemmegei og i den oransje har eg planta blå valmuesøster. Begge frå loppemarknaden. I den gule har eg akeleie som eg flytta frå ein annan stad i hagen. I den blå har eg sjølvsådd blå balltistel, i den lilla høstvedd og i den rosa blå polargull. I den kvite har eg planta i kinesisk ridderspore. Om noko overlev veit eg ikkje, vi får krysse fingrane.
Eg hadde ein stor, flott ridderspore ifjor som i år har vorte ete av sniglar. Ikkje iberiasnigelen, men alt anna. Det har så vidt kome opp noko og eg bestemte meg for å flytte restane i ei krukke. Sniglane har ete knoppane etterkvart som dei har kome. Det er så merkeleg for ifjor var det ikkje noko problem i det heile med sniglar.

Eg skal vere flink å vatne på kveldane, men om dagen er det for varmt for dei stakkars, små plantene. På loppemarknaden høyrde eg om fleire som har mislykka forsøk på å så stauder sjølv, det var no enda ei trøyst. Eg får berre gjere ting annleis etter denne sesongen. Inntil då får vi nyte det vi har fått til.

Ingen kommentarer: