torsdag 24. mai 2012

Bløming i stor fart

Etter lang tid med regn får plantene verkeleg fart på seg når sola stikk fram. Det har vorte skikkeleg grønt no på kort tid, men eg merkar jorda er ganske våt enno. Og det er no bra skal dette vèret fortsette. Det siste døgnet har det kome nye, fargerike hovud i bedet. Det er så kjekt å følge med!
Blå akeleie. Eg kan ikkje huske at den var så vakker. Akeleier i alle fasongar og variantar er utruleg flotte og eit lite kunstverk synest eg.
Rosa prydjordbær trivs og veks. Den første blomen er komen i kjent, rosa positur.
Løytnantshjarte er så utruleg flott. Romantikk og kunst på ein gong. Eg forstår ikkje korleis naturen klarar å gi oss så mykje flott. Små frø og røter vert store, flotte kunstverk.
I tillegg til bløming har eg sådd i frø. Eg gir aldri opp sjølv om det meste døyr. Eg har brukt ispinnar og hyssing for å markere kor eg har planta slik at eg ikkje skal luke det vekk. Nærast har eg sådd kvit pionvalmue og lengst vekk har eg planta nattfiol. Spennande å sjå om det vert noko. Må passe på å halde det fuktig iallefall.

Imorgon er det fredag og det nærmar seg pinse. Vi er utruleg heldig med vèret og mange vil nok vere i hagen denne langhelga. Espen har vaska terrassa og skal beise imorgon. Elles ventar vi på jord fordi vi framleis ikkje er ferdig med å lage plen og mykje anna kjem til å skje i helga. Jippi!

3 kommentarer:

Ann-Kristin sa...

Å, ka skulle eg vel ikkje gjort for ein så stor og fin hage... :) Eg kjem gjerne på hagevandring hjå deg. :)

Lina sa...

Så herlige blomebilete! :) Eg kjem snart opp og kiker ;) Kos deko i helga med hagearbeid :D

Sunniva sa...

Hei.
Måtte inn å se på bloggen din, takk for hyggelig kommentar hos meg.Kjempefin blogg du har. Ja det går litt fort nå om dagen med denne varmen, man må nyte fort!
Akeleien din er kjempefin.
Den rosa blomsten på forrige innlegget ditt er en flekktvetann. Den sprer seg litt i tuer, varierende hvor mye,og blomstrer lenge. Den finnes med forskjellige blader.
Ha en strålende pinse!