søndag 17. juli 2011

Vi er i Danmark

Ferien er igang og etter to lange dagar med køyring er vi endeleg i Marielyst. Marielyst ligg heilt syd-aust i Danmark på øya Falster. Dette er ein typisk feriestad med yrande liv, mykje turisme og aktivitetar om sommaren, og heilt stille om vinteren. Vi skal vere her i to veker ilag med to andre familiar.
Det var deilig å passere Øresundbrua og endeleg vite at vi har kome til Danmark. Vèret var nydeleg igår med sol og 25 grader.
Ein augneblink med smil og sjarme. Ikkje alle timane var like festlege for dei små, men dei klarte seg bra.
Malin var våken heile vegen igår, og var ganske lei på slutten, men her er ho iallefall i godt humør. Første dagen køyrde vi i 12 timar inkludert pause, så det er ikkje rart at dei små vert lei. Vi overnatta 8 mil inni Sverige før vi igår reiste i 7 timar.
I morgentimane idag er ungane godt igang med aktivitetar. Malin og Elias hadde seg ei kort teiknestund, men dei sitt ikkje stille så lenge...Elias har tatt med bilar som Emil fekk leike seg med.
Vi har stort og fint kjøkken med sitteplassar til 24 personar.
Danskane er ikkje så god på brødbaking om du spør meg. Loff til frokost er det einaste alternativet til mørkt rugbrød, men ungane er sjølvsagt veldig nøgd med det.
Det er litt rufsete vèr ute og uteplassen er mellombels tom. Igår kveld satt vi i bassenget og kosa oss med oransje måne i horisonten. Det er eit lite basseng som har delvis boblefunksjon, men vi voksne hadde god plass og temperaturen var 28 grader.
Før om dagen grilla vi og ungane koste seg med sandkasse, stor plen og dissestativ. Denne ferien lovar bra for både born og vaksne.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Det så utrolig deilig ut!! Kos dere masse :D

Anonym sa...

Kose dokke masse på tur :o) Håper me sjåast snart..... Lene.

Lina sa...

Herlig! Kos deko :)