søndag 24. juli 2011

Ein kontrastfylt ferie

Vi hadde nokre flotte dagar heilt fram til torsdag. Vi grilla kvar ettermiddag, ungane leika ute heile dagen og vi gjorde kjekke aktivitetar. På torsdag kom regnet og sterk vind som framleis er her. Med tanke på det som har skjedd i Oslo og Utøya på fredag, har dennne ferien vorte litt annleis enn ein først trudde.Morgenstund har gull i munn. Ungane har visst ikkje forstått at det er mogleg å sove lenge i ferien.El-bilar har dei ein del av i området. Ti kroner på automaten underheld ungane nokre minutt om ikkje anna.
Underhaldning for liten og underhaldning for stor.
Vi voksne har ein tendens til å planlegge store utflukter i kostbar regi, men ungane er eigentleg like nøgd med å få hoppe på ei trampoline, disse, klatre på eit stativ, grave litt i sanden og sykle.
Vi var på gokart-bana og Malin prøvde nok ein el-bil. Ti kroner i 15 minutt, eit kjempekupp!
Meg i gokart. Likte det ikkje for å seie det heilt kort.
Elias og Malin ventar på at fedrene skal gjere seg ferdig med å køyre gokart. Malin har på seg hue som vi måtte ha under hjelmen.
Espen i djup konsentrasjon. Etterpå var Espen blå på ryggen og vi alle var støle i armane. Vi vart vel minna på at vi har ein del musklar på kroppen som treng å brukast meir. Dei fleste koste seg på bana og samanlikna tidene sine med kvarandre. Eg eig ikkje konkurranseinstinkt og trakk meg tilbake heilt stille..
Igår var vi på krokodillefarm. Ikkje så stort anlegg, men det var kjekt å sjå på alle krokodillene dei hadde. Mange av krokodillene var utrydningstrua, blant anna denne, og det får ein litt til å tenke. I tillegg hadde dei nokre apekattar og nokre slangar. Fort inn, fort ut.
I håp om at vi fann eit kjøpesenter, køyrte vi rundt i Lolland-Falster og enda opp i Maribo. Danskar har ikkje noko forhold til kjøpesenter så turen var bomtur, men det som skjedde på denne turen var at vi punkterte. Så typisk oss. Heldigvis hadde vi superflaks opp i alt og traff på ei dame som tilbydde seg hjelp, Tilfeldigvis eigde ho eit dekkfirma som ho opna berre for oss. Alt ordna seg kjempefint tross alt. Om ikkje vi fekk kjøpt noko på eit kjøpesenter, så fekk vi svidd av pengar på eit flott, svart dekk.
Både idag og for to dagar sidan har vi vore på badeland. Ein svømmehall kor vi har gratis tilgang grunna hytta vi leier. Hallen har vannsklie og fleire basseng i ulike temperaturar. Malin og Emil har vorte kjempetøffe iløpet av turen og Malin har vore i sklia fleire gongar.
Malin storkosa seg og fekk etterkvart berre ringar rundt armane. Ho var svært overraska over at ho ikkje "datt ned".
Emil har vorte ein fisk i vatnet. Han sprellar og sparkar med beina og kjem seg rundt utan problem. Den minste sklia falt i god jord og han ville sjølvsagt ikkje gi seg då han først fekk prøve den.
Danmark er ikkje skapt for å ha dårleg vèr. Kva skal ein finne på? Eit lokalt veteranbilmuseum fekk besøk av oss. Bilen over er ein av desse som pappa har, berre eit år eldre. Citroën B11 1951-modell for å vere litt nerdete. Fort inn, fort ut her også.
Endå litt tid av dagen hadde vi og i ettermiddag tok vi turen til Danmark sitt sydligaste punkt. I full storm (kjentes det som) gjekk vi ut av bilen. Ungane var fascinert av det store havet.
Utsikt mot havet og Tyskland.
Ikkje badevèr denne dagen, men det var ei fin sandstrand her. Borene (bølgene) slår mot steinane og skapar stor kontrast til dei flotte badedagane.
Naturen har mange sider og eg føretrekk sol og vindstille, men eg må innrømme eg synest dette vèret har sin sjarme og.
Ungane, særskilt Emil, likte ikkje vèret. Han klarte ikkje stå på beina og var glad han kom att i bilen.
Det er sjølvsagt fyrtårn i nærleiken. Her bur det ei prinsesse, sa Malin.
Vi måtte bort å kikke på fyrtårnet. Det er visst Tornerose som bur her, og Malin var nesten litt flau av å stå nære eventyrslottet. Då vi køyrde frå staden sa Malin "Hadet prinsessa mi!"

Born har eit vakkert sinn og lev livet her og no. Dei gleder seg over dei små ting og har eit eventyrleg syn på det meste. Det får ein til å tenke at kanskje vi burde vere litt meir born av og til og glede oss over dei små ting. Vi bekymrar oss og tek litt ting for gitt. I ljos av det som har skjedd på Oslo/Utøya minner det oss om at vi må ta vare på våre nærmaste og glede oss over dagen vi har idag.

1 kommentar:

ElseT sa...

Fine bilete og gode kommentarar, einig, la oss heile tida ta vare på kvarandre.