Etter mange dagar med regn kom sola fram og ungane kunne igjen springe ute i shorts og t-skjorte. Vegane har vore dekka med vatn og det har tatt tid før dammane har forsvunne. Emil fant det freistande å springe ut i før vi voksne rakk å stoppe han.

På med hatten og støvlane. Emil likar å kle på seg sjølv.

Deilig sølevatn, støvlane vart fort fulle.

Då han likevel var skitten og det var for seint å gjere noko med det, lot eg han springe og kose seg.

Han flaksa og ropte og såg tilslutt ikkje ut.

Klar for å hoppe i dusjen.
1 kommentar:
Heilt herlege bilete her, Torill :) tusen takk. Det er så kjekt å holda på med sånt, kosar meg. Nei, det er nok forskjell på å vera heime og på ferie nett no, det er klart... Klem til deg frå lille trille 2 - overmoden for turgåing og kaloriforbrenning ilag med deg og Maren!!
Legg inn en kommentar