Eg er veldig glad i å strikke, og denne bloggen var opprinneleg tenkt til å publisere produksjonen. Diverre finn eg mindre og mindre tid til strikkinga, og lidenskapen har vorte nedprioritert i takt med meir arbeid med ungane. Eg har og hatt eit prinsipp om at eg skal kun vise det som er ferdig, og då vert det sjeldant vist noko som helst.
Eg viser til tidlegare innlegg kor eg har ganske mange uferdige prosjekt, men dei får berre ligge ei stund til for no har eg som mål å strikke opp restegarn og garn eg har få nøster av. Eg er i gang med å strikke vest til Emil av deilig Dalegarn. Dersom eg viser uferdige prosjekt kan eg kanskje verte pressa til å verte ferdig har eg tenkt. Dersom eg tek med meg strikketøyet på bussen til og frå jobb kan eg kanskje verte ferdig snart. I tillegg er det ferie til helga og vi skal køyre ganske langt denne gongen. Du får følge med å sjå korleis dette går. Høyrer du ikkje om vesten på ei stund får du purre på meg.
1 kommentar:
God ferie, og kos deg med strikkinga di når du kan.
Kjekt å se hva du holder på med, jeg syns det er like kjekt å se hva som er underveis, som det som blir ferdig ;)
Jeg blir mer inspirert av å se prosjekter med pinner i... :D
Legg inn en kommentar