onsdag 27. juli 2011

Tur til BonBon-land

Igår var vi på tur til BonBon-land som ligg på Sjælland 8 mil nord for Marielyst. Vi hadde store forventningar til dagen, men sto litt for mykje i kø til at dagen vart perfekt. Uansett, ungane koste seg og dagen gjekk utruleg fort.
Aldri eit leikeland utan sjørøverskute.
Emil fekk prøve karusellar han og, men det var så vidt vi kunne sjå han. Han koste seg og satt konsentrert i karusellen.
Malin og Espen sto kjempelenge i kø for å ta denne berg- og dalbana. Då ho endeleg fekk sette seg ombord flira ho og hadde det kjempekjekt. "Meir!" var det første ho sa etter at turen var slutt. Diverre kunne vi ikkje stå i kø ein til gong. Ho holdt på å sovne i køen første gongen, og Emil venta utolmodig på at ho skulle verte ferdig.
Desse syklane trengte vi ikkje å vente på, og Malin fekk dreisen på pedalane etterkvart.
Emil skulle prøve han og sjølvsagt, men korte bein og ingen evne til koordinering så enda det opp med at beina sette seg fast under hjula.
Nokre karusellar gjekk så vidt rundt og var meint for dei minste. Dei fleste ungane synest det gjekk for seint, men figurane var i det minste kjekke å klatre på.
Ein blekksprut som gjekk rundt i vatn fekk både Malin og Emil vere med ilag på. Kjempegøy! Emil heldt seg konsentrert i blikket.
El-bilar for dei minste. Ikkje lett å vite korleis du skal køyre.
Med litt rettleiing frå pappa kom Malin i mål og mottok sertifikatet som beviste at ho kunne køyre. Tenk om det var så enkelt for oss voksne og...
Emil fekk prøve han og. Han var heilt vill og storkoste seg bak rattet. Eg måtte både trykke på pedalen og styre rattet, men han kvalifiserte seg visst til sertifikat han og. Eg fekk ingenting...
Titt titt!
Rutsjebane eller sklie om du vil. Emil elskar å skli og repeterte denne sklia 20-30 gongar. Den var så kjekk fordi han kom seg opp og ned heilt sjølv. Dei andre måtte eg følgje han med i og eg vert sjølvsagt lei før han.
Malin såg eit prinsesseslott med hest og vogn utanfor. Dette biletet likar eg så godt. Skal tru kva ho tenkjer at ho ser framfor seg.

BonBon-land fekk ingen innertiar frå oss då dagen var slutt. Det slutta alt for tidleg, det var lange køar, og attraksjonane sto alt for tett. Det var lange køar for å kjøpe seg drikke, mat og is, og det var lite tilpassa for dei minste som alltid måtte stå og vente. Vi tek nok ikkje turen hit igjen, men ungane koste seg og hadde det gøy. Neste gong det er tivoli i Bergen så trur eg at vi må ta turen.

Ingen kommentarer: