torsdag 28. juli 2011

Økologisk draumeland

Eg er fascinert av mat som er mest mogleg rein. Minst mogleg tilsetjingsstoff og mat som er produsert i Noreg. Gardsmat og økologisk mat er utruleg godt og ikkje minst verdiskapande. Diverre tillet ikkje lommeboka mi ein slik livsstil og eg må derfor som regel nøye meg med rein mat. Eg skulle gjerne støtta lokale produsentar, men kommunen har foreløbig ikkje tenkt å gi meg millionløn.
Her i Danmark er ting heilt annleis. Butikkane har godt utval i økologisk der blant anna Kvickly er ein supermarknad som verkeleg har forstått det. Der kan kunden velge mellom same type varer til ganske lik pris. I tillegg har dei lavprismerker slik som i Noreg. Økologisk skal ikkje vere dyrt og utvalget skal vere rikt. Eg la også merke til at det var mykje lokalprodusert mat og mat som var produsert i Danmark til prisar som ikkje var avskrekkande. Kva skal til for at vi får det slik i Noreg?

Historia til Kvickly starta for meir enn 25 år sidan kor dei plasserte organiske gulrøter i butikken. Dei var spent på om danskane ville ha desse gulrøtene som var skeive og full i jord, men det viste seg å vere ein suksess. Butikken fylte opp med fleire varer og idag har dei over 6000 økologiske produkt. Det skal vere mogleg å finne det alternativet du ønskjer og det skal vere lett å få auge på. Kvickly hevdar økologisk smakar best, er sunnast og er mest berekraftig for jordkloda.

Vi har ein kulturarv å ta vare på og bygdeutvikling er viktig del av dette. Dette er ikkje eit politisk innlegg, men ein omtanke for den tida bønder brukar på å skaffe oss mat på bordet og eit håp om at vi får det slik som Danmark. Eg ønskjer at maten ikkje skal reise langt for å mette magen og eg ønskjer at borna mine får mat som har minst mogleg framandstoff i seg. Vi tek vare på miljøet og vi tek vare på framtida; borna våre.

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Heilt enig Torill! Det er alt for dyrt med mykje av den økologiske maten, med unntak av nokre grønsaker i høgsesongen. Ferie i Danmark ser veldig koslig ut! Kjem dokke forbi Skien på vei heim mon tro?