søndag 10. juli 2011

Heimesydd sau

Dette innlegget skulle eg ha skrive for fleire veker sidan, men gammalt nytt er forhåpentligvis godt nytt... Det er ikkje ofte eg tek fram symaskina, men av og til så må den fram sjølv ein ikkje har tid. Det er veldig kjekt når eg først er i gong, og denne gongen var det ekstra kjekt fordi eg sydde sau som Malin skulle vere i musikalen som barnehagen har hatt.
Malin ville ligge då eg skulle ta bilete, sauen ligg han og må du skjønne.
Så måtte vi ta bilete ut i graset, ja for sauen et gras.

For å seie noko om kostyme har eg sydd hjelmhue med påsydd øyrer. Så har eg tatt ein kvit genser og sydd på framside og bakside slik at det skulle vere lett å ta på seg kostyme. Eit par leggvarmarar og ein hale vart også laga.
Ta bilete av halen, mamma!
Og sauen likar å springe i graset sa Malin, så dette måtte eg og få med meg. Eg lokka ho ut for å ta bilete med den unnskuldninga at mormor og morfar ikkje har sett ho som sau. Så dette er ei ekstra helsing til dokke.

Det er kjekt med slike musikalar . Barnehagen har jobba mykje med prosjektet og det har vi merka godt her heime. Malin har sunge kvar ledige stund på alle sangane dei framførte. Musikalen heitte "Det tusslar og taslar" og omhandla jungeldyra som møter husdyra. Veldig flott førestelling og ungane var superskjønne alle saman.

2 kommentarer:

Grankongla sa...

så artig! Flott kostyme på ei søt jente :)

Takk for kommentar på min blogg. Blir kjekt å bli mamma for noe annet enn fire firbeinte ja. Spennende og litt skummelt! Skjønner at symaskin må i hus også :) hihi

Noralill sa...

For ein skjønn liten sau! Nydeleg kostyme og skjønn jente :))

Du spør inne hjå meg kvar me har vore på Kreta...Me var litt utanfor byen Chania (der nokre av bileta er tekne). Budde på eit lite, men veldig fint leilegheitskompeks som heitte Forum. Anbefalast!

Hyggjeleg å kikke innom til deg! Ha ein fortsatt fin fin dag.