søndag 17. juli 2011

Det våte element

Det vert eit fyldig reisebrev etterkvart ser det ut til. Det er fleire som følg med heime på kva sine håpefulle gjer på i Tuborg og pølse-land, og det er ein ganske kjekk måte å dokumentere smått og stort av hendingar.
Denne dagen har gått til koordinering av syklar, seter og vogner. Fram og tilbake fleire gongar på sykkelutleiebutikken, og dialog med fleire utleiestadar på ein gong. Vi kom oss ut til slutt, og tok den vesle turen ned til stranda.
Maren og Espen drista seg til å teste sjøtemperaturen. Det var ein del tang inne ved sjøkanten. Litt overraskande at det var litt vanskelig for borna å gå uti då stranda er kåra til Danmark si finaste strand i 2011.
Malin og Elias minner meg om leikande born i ein svensk dramafilm. Dei storkoste seg og ser nok fram til at det skal verte litt varmare.
Emil likte godt å trakke i sanden, men han vart redd då han kom for nære det store havet. Ikkje rart kanskje når han aldri har sett slikt før.Strand så langt auge kan sjå.
Snur du deg andre vegen strekk stranda seg like langt. Vakkert skue.
Skjønningane våre. Ettåringane kosar seg i sykkelvogna.
Det er ikkje det heilt store badevèret ute, men inne har vi boblebad kor vi putta ungane oppi. To frivillige voksne og fem ungar enda tilslutt opp i karet. Ingen tvil om kva Emil synest om boblebad...

2 kommentarer:

Marielle sa...

ser ut til at dere koser dere! :) ha en fin ferie videre, og hils!

Lina sa...

Herleg! Håpar de får meir sol snart. Deilig med boblebad iallfall :) ja, det er visst nok vatn frå oven for både plantar og folk her i sommar...