søndag 28. februar 2010

Bileter frå huset

Det har vore ei fantastisk helg vèrmessig med sol, blå himmel og smeltande grader. Eg går ikkje på ski sjølv i år dessverre, men andre har gjort det og det utanfor huset vårt til og med. Når det kom folk på ski og banka på døra vår, ja då kjendes det ut som vi budde på høgfjellet.
Tenkte å vise dokke litt utsiktsbileter frå huset. Dei fleste romma innandørs er rotete og kaotisk, mens snøen har dekt kaoset ute. Over ser dokke utsikta vår frå stova, soverommet vårt og loftstova.
Det kjekke på soverommet vårt er sengegavlen vår. Eit lite vindauge kor vi ser Valstrand by night. Emil demonstrerer her korleis vi har det om kvelden.
Her er utsikta frå rommet til Malin. Den einaste sida vi ser naboar. Det er greit å verte minna på at vi er ein del av sivilisasjonen av og til. I det kvite huset bur oldefaren til Malin. Det raude huset er barndomsheimen til Espen.
Sitt du på do nede ser du dette. Vi har ikkje skaffa gardiner og det er derfor ein liten risiko for å verte sett dersom det kjem besøk. No når vegen er uframkomeleg med bil, er det ikkje så mange som tek turen opp. Iallefall ikkje før dei har sagt ifrå.
Badet oppe har også eit lite vindauge.
Vi har fått oss nye spisestolar. Mamma har sjenka oss dei i innflytningsgåve. Bordet som vi kjøpte når vi budde trangt og lite har endeleg kome til sin rett. Ikkje alt er ferdig på kjøkkenet enno. Vi har ikkje flislagt over benken og benkeplata er ikkje olja. Gleder meg også til vi får gardiner, no er det ganske nakent her.
Badet oppe.
Eg og Espen monterte skuffene for to dagar sidan. Ting tek nokon gongar litt tid. Vi er litt lei no. Spegelen manglar, men det er fordi IKEA hadde ikkje spegelen i den størrelsen inne. Dusjveggane skal også monterast når vi kjenner for det.
Malin i kjent stilling. No er det to veker sidan ho brakk foten, men ho går ikkje på den enno. Ho er heilt frisk, men ho tørr rett og slett ikkje. Det er ganske slitsomt og frustrerande, så har nokon eit godt råd til kva vi skal gjere så kom med det!

Mykje som gjenstår....

8 kommentarer:

Lakka sa...

For en deilig utsikt dere har!:-) Skjønner at dere begynner å bli lei nå, det er en lang og slitsom prosess... Men så fint det blir! Gleder meg til å se flere bilder etterhvert som ting kommer på plass. Ser så koselig ut på kjøkkenet ditt:-)

Snart vår, 1.mars i dag! Jippi!

Grankongla sa...

Så flott det blir!! Kjenner jeg er veldig glad jeg ikke bygger nytt når jeg ser alt rotet og all jobben som må gjøres gitt :) greit å bare ha et par-tre rom til som må fikses da....

Harmonisk lykke/Christine sa...

Så fint det blir! DEt hører vel med at ikke alt er gjort i en håndvending. Men tenk - dere er i hus! Gratulerer så mye :D

Kos deg med å komme i orden.
Klem fra Christine

Anonym sa...

Dette ser no berre fantastisk ut! Kor kjekt det må vere å vere i rett hus og sleppe å fare att og fram med ting og tang og for å gjere naudsynt arbeid!
Må rekne med at detaljane tek litt tid får å kome på plass, ingen vits i å gjere det for fort, om ein skal bli fornøgd ;o)
Dokke e flinke!!
Klem Lenemor

Marita sa...

Ser at dette kjem til å bli bra - dokke er så flinke atte :) Flott innsats :) Lukke til Torill - det er verdt all innsats og rot :):):):)
-ikje i mål sjøl enda ej!
Klem frå Marita

Grankongla sa...

Takk forommentar på jobbfrustrasjonsbloggen min - jeg har nå laget et ny blogg som bare inneholder jobbrelatert info - www.klkragoe.blogspot.com :) Og jeg har allerede sendt inn en jobbsøknad hvor jeg markedfører meg selv med den adressa!

AnnetteK sa...

Så utrolig flott det ser ut både ute og inne :)
Beundrer dere som har bygd hus! Vi har akkurat flytta inn i rekkehus og holder på å pusse samtidig som vi prøver å komme i orden, og vaske ned leiligheten. Og jeg syns det er pes nok, så husbygging er imponerende. Og jeg skjønner dere begynner å bli lei nå. Sender dere store klemme og motivasjon til å få tatt det siste :)

Lena sa...

For eit flott hus!! Vi skal til å innreiie no, og gler oss vilt til juni/ juli - når vi kan flytte inn:)