torsdag 18. februar 2010

Piker, vin og Valestrand

På butikken idag kunne eg ikkje la vere og gå forbi bladet Maison Interiør når overskrifter som "Ole Bulls praktvilla" er på framsida. Som fleire veit så bur eg på Valestrand, ei øy utanfor Bergen. Valetrand er mest kjent for Ole Bull sitt flotte sommerhus og bygdafolket her veit og utnytte dette. Puben og ferja blant anna er oppkalla etter denne mannen, og ein må berre ikkje våge og kritisere noko rundt denne legenden. Ole Bull bygde "Bullahuset" på 1860-talet og på den tida eigde han heile Valestrand. Står du på andre sida av fjorden, ser du huset veldig godt. Han har nok ikkje plassert det der det står heilt tilfeldig trur eg.
I samband med mi eiga integrering til denne bygda reklamerer eg no litt for denne mannen som også fyller 200 år denne månaden. Det er stor feiring rundt han, og til og med Malin veit godt kven han er. I Maison interiør finn du flotte bileter frå det vakre huset så det er verdt ein kikk. Mange andre fine reportasjar også. Dessverre er huset i privat eige og det er ikkje så lett og få besøkt det til vanleg, men eigaren som bur i Sverige tar imot besøk når han er her på sommarferie.
Garden som huset står på er på ein måte parken her i bygda. Alle har moglegheit til å gå gjennom hagen på ein idyllisk tursti. Ole Bull var veldig glad å ri, og derfor fekk han laga stiar som han kunne nytte til riding. I elva fekk han også laga ei øy forma som Osterøy. Denne mannen hadde pengar!
Eg har ikkje så veldig sansen for denne mannen eigentleg. Han reiste frå kjerring og ungar for å realisere seg sjølv, og kjerringa vart til og med så sjuk på grunn av dette. Han var visst ein skikkeleg kvinnebedårar og jentene svimte av under konsertar fordi han var så kjekk. Eg ser ikkje sjølv kvar sjarmen hans ligg, men det kan no vere at kvinnene på den tida var nøgde berre mannen var rein i tøyet og ikkje lukta sveitte. Kva veit vel eg. Det er iallefall eit flott hus og dette soverommet seier vel sitt. Ikkje vanskeleg å forestille seg piker og vin i denne senga nei.
Sjølv om eg har vorte stril og innbyggar på Valetsrand, veit eg kor eg kjem frå. Ivar, eg har ikkje gløymt deg!

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg signerer på alt her eg, inkludert helten :D