tirsdag 16. februar 2010

Som ikkje det var nok frå før...

Det er tre dagar til vi flyttar i nytt hus og det er mykje som gjenstår både her og der. Pakking, vasking, monteringar, salting og skraping av veg osv. Som ikkje dette var nok, fekk vi telefon frå barnehagen idag om at Malin hadde hoppa frå ei rutsjebane inne og landa skeivt med foten. Foten hadde hovna opp med ein gong og barnehagetanta syntes ho høyrde eit knekk... Så var det å kome seg ut av døra med Emil og ned i barnehagen. Stakkars Malin, så lei seg ho var. Espen kom rett etter og ilag reiste vi alle først til lege og deretter til legevakta i byen.Der satt vi og venta i 2,5 time før vi fekk tatt røntgen. Når legen var ein mann og røntgenmaskina var stor og laga lyd, ja då var det fælt for vesle Malin. Resultat: To brot i høgre vrist.
Er du sjuk og i tillegg har vore flink, ja så vankar det is når du kjem heim. Kanskje ikkje eit smart trekk og velje sjokoladeis...
Ein fot i fatle. Stakkars vesle foten. Heldigvis slapp ho gips. Sidan ho er så liten så gror det veldig fort, så om ei veke skal det vere bra. Ho får også gå på foten dersom ho vil det sjølv.
Pasienten i full utstrekning. Ho brukar også eit pledd som ho er overbevist om at er smertelindrande. Ingen fare for overmedisinering her altså...

8 kommentarer:

Anka sa...

Stakkars lille søte... Det kan ikke ha hvert godt:( God is og pledd funker som smertestillende da. Alle mine tanker til dere og alt som skjer i deres hverdag:)

Anonym sa...

Åååå, bestahjerte fekk låkt!!! Lissje gode vennen, håpa ho ikkje he for låkt no då, slik at ting kan fungere likevel til trass for dette.
Lykke til i dagane som kjem, med både flytting, pasient og alt som er.
Store klemmmmm Lene

Marie sa...

Neimen...stakkars liten jente!! Kan ikke vært mye godt nei! Tøff da som klarer å holde ut 2 timer på legevakta!!!

Skjønner det er hektiskt 3 dager før innflytting!!! Tenk hvor deiligt det blir når du endelig er kommet i hus og endeligt har fått alt på plass, kan en endeligt senke skuldrene litt! =)

Ønsker deg og dine lykke til med alt denne uka!

kjersti70 sa...

Staaakars liten! Og ikkje heilt god timing heller nei, men det får så vere. Håpar at de nå kan surfe inn, etter alt klabberiet de har hatt. Skal eg komme opp med omnen?

Husdraumen/Anita sa...

Stakkars lisje vennen! Off då... Verkeleg dårleg timing. Er det fredag som er den store flyttedagen?

Lakka sa...

Stakkars lille;-( Da er det godt å mammaen sin i nærheten!

Lykke til med innflytting!! Misunnelig misunnelig...;-)

Anonym sa...

Stakkars Malin, det var nok ikkje godt nei. Værste telefonen ein kan få fra barnehagen ditta ja. God bedring til Malin!! Lykke til med innflyttinga me må få invitasjon når dokke kjem dokke i orden:)

Helsing fra Siv

Sjova sa...

Skjønne lille! Å leike er ikkje berre berre:-( Men godt at det gror fort hjå desse små! Lukke til med flytting og alt- det krev verkeleg sitt.

Fargekoden har eg skreve ned ein stad men kor er ikkje lett å sei i alt papirkaoset...