fredag 19. februar 2010

På flyttefot

Så var tida komen for å flytte inn i splitter nytt hus. Vegen dit har ikkje vore lett. Den siste veka har det vore meir kaos enn kva eit menneskehjarte kan tåle. Vatn som er frose, vatnpumpe som ikkje virkar, rørleggar som ikkje har gjort jobben sin, elektrikar som ikkje har gjort jobben sin, husleverandør som ikkje tek ansvar, ja og så den vegen då... Eg skal skrive eit utfyllande blogginnlegg seinare om kva vi har opplevd som husbyggarar, ting ein bør tenke på og unngå (som til dømes Florvåg Bruk AS som husleverandør). Håpar mange tek seg tid til å lese det når den tid kjem.
I gangen står kasser og sekkar oppstilt og klare til å verte flytta. Det er så trangt her no at vi har ikkje moglegheit til å pakke alt før noko av det er ute. Diverre er ikkje barnehagen open på laurdagar, det kunne vi ha trengt no. Malin kan ikkje gå på grunn av brotet i foten, og vi har ikkje tid til å ta oss av ho, men vi får gjere det beste ut av det.
Her er stova igår kveld. Kan du tenke deg at vi skal bu her imorgon? Espen har rydda no, men vi har ein stor husvask framfor oss både i ny og gammal bopel.
Faktisk synest eg det er litt vemodig at snekkarane har reist. Dei har litt småplukk igjen, men det er ikkje mykje. Dei har gjort ein kjempeflott jobb synest vi. Idag rydda dei tinga sine ut av huset.
Det skal verte godt å kunne amme utan å balansere kvar einaste gong eg er i huset. Kjøkkenet har vorte fint synest eg. Diverre har ikkje alle klart å unngå flekkar på benkeplata likegodt, og vi må slipe eit par plassar før vi oljar.
No sitt vi i leiligheta, den siste kvelden, og ser super-g. Vi satsar på at Svindal tek gull. God helg til alle.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Gull vart det, og gull e det at dokke endelig kjeme dokke i hus!!! E imponert over tempoet dokka, ikkje pause på nokon som helst slags måte, så eg håpar dokke ikkje dette heilt saman når alt med flytting, barnedåp og elles e over ;o)
Store klem frå besta og morfar :D

kjersti70 sa...

Eg blir svett berre av å lese dette; stakkars dykk! Nå håpar eg at de har hjelp av gode krefter i helga, og at ting fell på plass litt etter litt. Det tek uansett lang tid å komme i orden på ny stad, så ikkje stress!

Og gull blei det ja! :D To til og med!

Lakka sa...

Huff, så mye stress det har blitt nå på tampen;-( Håper dere senker skuldrene så snart dere er i hus, og tar tid til å nyte tilværelsen i deres nye hjem! Masse lykke til med flyttingen:-)

Gul Hverdag sa...

OIOIOIOIOI!!! klar for innflytting, så gøy!!! Trodde jeg hadde fulgt bloggen din lenge, og tenkte du sikkert hadde det for travelt til å legge ut bilder/blogge... så ser jeg at jeg ikke følger deg, buuu, men NÅ gjør jeg det:-) Og nå skal jeg kikke litt innpå her :-)
Lykke til med flytting, det er stress med vask, banankasser og flytting, men såååå gøy å komme i hus!!

GOOOD HELG!!!

Husdraumen/Anita sa...

Tvi tvi i helga!
Håpar det meste går smertefritt og uproblematisk no!

Bine sa...

Kom over bloggen din nå, og oi! Dere flytter nå i helga altså? Ja, da har dere litt (mye) arbeid foran dere! Håper det går knirkefritt! Lykke til med flyttefoten!

Grankongla sa...

Gud så artig!!! Det blir så kjekt og jeg gleder meg masse til å se hvordan det blir hos dere fremover!!

Marie sa...

Så kjekkt!!!! ENdeligt er dagen kommet!!! =) Ønsker dere MASSE lykke til! Og venter i spenning på bilder når dere har fått rigget dere til skikkelig i det nye hjemmet!