onsdag 24. februar 2010

Utan internett og veg

Det høyres kanskje litt dramatisk ut denne overskrifta, men det er faktisk sant. Vi har som mange veit ein vanskeleg veg til huset, og no har det kome ein halvmeter med snø sidan søndag. Det vert vanskelegare å få vekk snøen no, så vi går opp bakkane til huset. Det ser ut som det kan ta lang tid før vi får veg igjen. Det passar utruleg dårleg fordi eg skulle vore på IKEA og handla bokhyller, oppbevaringsløysingar og småting til huset. Vidare er vi utan internett på ubestemt tid grunna snømengdene det også. Det ligg sikkert ein meter med snø over trekkrøret til telefon, så det er vanskeleg å få kobla noko linje før vi tek fatt med spaden. Det snør og snør i dette landet, det tek aldri slutt. Nokon som veit kor lenge dette skal vare?

Elles så likar vi oss i huset. Det er mykje som gjenstår av arbeid og huset er omringa av boss, men det er godt å bu i nytt hus som ein eig sjølv. Eg har lånt mobilt internett ikveld, men eg håpar å få lånt litt til helga også slik at eg får vise dokke nokre bileter.

5 kommentarer:

kjersti70 sa...

yay! Godt å høyre at de trives, tross alt! :) Du har sikkert nok å finne på uansett, sjølv utan nett; tippar du ikkje er arbeidsledig på kveldane :)

Marie sa...

Så kjekkt å høre fra deg igjen! Håper dere får kommet dere i orden fort. Snøen kommer nok til å ligge til starten på mars...vertfall her på vestlandet.

Anonym sa...

No er det meldt sol framover og ikkje nedbør:) så ej håpe på at det stemmer:) Bra dokke trivest i nytt hus, noko anna hadde vore trist;)

Helsing fra Siv

Pia sa...

Gratulerer med å være i hus! Gleder meg til å få se bilder!
Det ble hyppig amming i Thailand - jeg ammer ofte her og, men i Thailand var det så varmt at vesla fikk seg en sup både titt og ofte.
Ha en fin dag!

Anonym sa...

Kjekt å kome i hus tenkje ej ja :o)Gler oss til å sjå korleis det har blitt.
Men also - er der ingen med traktor i nabolaget då, som kunne måke til dokke? Me leigde inn traktor ein gong og hjullastar ein gong no i februar(etter delvis å ha måka taket) i tillegg til å måke døgnet rundt sjølve. Måtte berre det, elles hadde det ikkje gått, sjølv om me ikkje he nokon bakke til huset. Snøva rett og slett litt inne ;o)
Men no skine sola frå nesten skyfri himmel, og me skal på ski idag :D Held på å få på oss skikleda no.
Håpa på sol og full snøsmelting inntil sønnavind og regn fjernar resten - men er redd det går litt seint når temperaturen er såpass lav som den er. Får berre ta det som det kjem ;o)
Klemz frå oss (J, L, H-O)