Mykje som gjenstår....
søndag 28. februar 2010
Bileter frå huset
Mykje som gjenstår....
onsdag 24. februar 2010
Utan internett og veg
Elles så likar vi oss i huset. Det er mykje som gjenstår av arbeid og huset er omringa av boss, men det er godt å bu i nytt hus som ein eig sjølv. Eg har lånt mobilt internett ikveld, men eg håpar å få lånt litt til helga også slik at eg får vise dokke nokre bileter.
fredag 19. februar 2010
På flyttefot
torsdag 18. februar 2010
Piker, vin og Valestrand
I samband med mi eiga integrering til denne bygda reklamerer eg no litt for denne mannen som også fyller 200 år denne månaden. Det er stor feiring rundt han, og til og med Malin veit godt kven han er. I Maison interiør finn du flotte bileter frå det vakre huset så det er verdt ein kikk. Mange andre fine reportasjar også. Dessverre er huset i privat eige og det er ikkje så lett og få besøkt det til vanleg, men eigaren som bur i Sverige tar imot besøk når han er her på sommarferie.
Garden som huset står på er på ein måte parken her i bygda. Alle har moglegheit til å gå gjennom hagen på ein idyllisk tursti. Ole Bull var veldig glad å ri, og derfor fekk han laga stiar som han kunne nytte til riding. I elva fekk han også laga ei øy forma som Osterøy. Denne mannen hadde pengar!
Eg har ikkje så veldig sansen for denne mannen eigentleg. Han reiste frå kjerring og ungar for å realisere seg sjølv, og kjerringa vart til og med så sjuk på grunn av dette. Han var visst ein skikkeleg kvinnebedårar og jentene svimte av under konsertar fordi han var så kjekk. Eg ser ikkje sjølv kvar sjarmen hans ligg, men det kan no vere at kvinnene på den tida var nøgde berre mannen var rein i tøyet og ikkje lukta sveitte. Kva veit vel eg. Det er iallefall eit flott hus og dette soverommet seier vel sitt. Ikkje vanskeleg å forestille seg piker og vin i denne senga nei.tirsdag 16. februar 2010
Som ikkje det var nok frå før...
mandag 15. februar 2010
Takkekorta er sendt
søndag 7. februar 2010
Litt frå huset
Her er badet oppe akkurat no. Det går ufatteleg seint med desse rørleggarane og elektrikarane. Dei skulle vore ferdig for 1,5 veke sidan, men dei er på langt nær ferdig enno som dokke ser. Badekaret vart no fint då tross alt, og eg er nøgd med det som er utført til no.
Dette kjøkkenet har vore det største irritasjonsmomentet til no for Espen. Det har gått ufatteleg mykje timar til montering og remontering på grunn av feil på montering første gong. Og elektrikar og rørleggar har enno ikkje gjort seg ferdig her, og det vert derfor ikkje heilt ferdig nokon gong. Espen er lei av å vente og han har visst planar om å gjere seg ferdig på onsdag. Så då får heller elektrikar og rørleggar gå den tungvindte vegen for å få gjort jobben sin. Slik går det når dei ikkje får fingeren ut... Benkeplata er no montert og det vart veldig fint forresten. Eit råd til alle som tenker å montere IKEA-kjøkken sjølv; ikkje gjer det.
Vaskerommet. Irritasjonsmoment nr 2. Når vi teikna huset fekk vi aldri opplyst at vi skulle få ein trykktank inni huset. Det er den til høgre og er med på å leie vatn inni huset frå pumpehuset (privat borehol). Denne trykktanken må no stå der vi hadde tenkt å ha hyller. Enda verre er det at elektriker ikkje har lagt opp til straum frå trykktanken og inni sikringsskapet slik at vi må ha ei synleg leidning frå tanken, langs taklista og inni skapet. Det ser skikkelig amatør ut i eit nytt hus synest eg.Det som likevel gjorde eg var ei tikkande bombe i helga, var det som skjedde når vi fekk levert siste materiallasta på torsdag som var:
1. Florvåg Bruk ville ikkje køyre lasta opp til huset fordi dei hadde ein ubrukeleg bil. Espen, Steffen, Robben og Jostein (naboar og familie) bar alle listene opp til huset. Dørene måtte fetter Geir Inge ta med traktor opp.
2. Florvåg Bruk hadde sagt at vi ikkje kunne få lasta under eigeninnsatsperioden fordi lasta måtte takast imot av snekkar og vi ville ikkje få plass til lasta fordi det var så mykje. Snekkaren var ikkje der og lasta var ikkje stor. Så no har vi fått umalte lister som må malast etter at dei er montert enno vi fekk vite på trekantmøte at vi kunne male dei i eigeninnsatsperioda. (Vi har ikkje valgt ferdigmalte lister fordi vi har fått beskjed om at dei er så dårleg mala at vi må male dei likevel).
3. Vi hadde bedd om kvite vindaugskarmar, men i lasta var dei ubehandla. Då var grensa mi nådd. Eg har hatt ein eksplosjonsarta klump i magen heile helga. Eg har lagt i senga mi om natta og vore rasande rett og slett. Det får no vere grenser! Idag tidleg ringte eg huskonsulenten og sa det slik som det var, og ho sa at vi hadde ikkje kryssa av for "kvit tilsetning". Tilsetning, kva er det?! Korleis skulle vi vite at tilsetning var vindaugskarmar? For meg høyres det meir ut som ein pakke med sement. Og kvifor var ikkje det kryssa av når Florvåg Bruk sjølv omtrent insisterte på at vi måtte ha malte karmar frå fabrikk fordi det vart ikkje fint om ein gjorde det sjølv? Eg var så sint når eg snakka med huskonsulenten at ho skjønte nok at grensa var nådd. Heldigvis rydda ho opp og fekk ut nye. Det skal seiast at vi er stort sett nøgd med denne huskonsulenten, det var den forrige som også deltok på trekantmøte som har øydelagt for oss, men eg anbefalar ikkje Florvåg Bruk til nokon. Då må ein såfall snakke med oss først...
Klumpen er vekk, snekkarane er tilbake og det er etter planen berre ei veke til huset er klart for kontroll. Eg trur ikkje noko før eg ser det. Det vert montert styrehus på biovac'en denne veka, så kan vi vel snart kunne gå på do. Det avhenger sjølvsagt om elektrikar og rørleggar gjer seg ferdig. Er det rart ein ikkje likar handverkarar???
fredag 5. februar 2010
Så var det desse lampane då...
Sei gjerne di meining om kva du synest om lampane og kva slags du foretrekker. Eg må legge til at vi har ein ganske landleg og lys stil, eller "svenskestil" som mamma seier, så det må passe til det. Her har eg ikkje sagt noko om lampe over salongbordet, men eg har ikkje noko godt forslag. Kanskje du har det?
