mandag 6. juli 2009

Gravemaskina er på plass på Dansebakken

Det var planlagt at gravinga skulle ta til for tre veker sidan, men det er ikkje alltid det vert slik ein planlegg. Likevel er det ikkje for seint at gravemaskina kom idag då det er tre veker til vi skal støype grunnmur. Entrepenøren meiner vi har god nok tid til då. Det er heldigvis ikkje ei alt for vanskeleg tomt å opparbeide. Vi har venta i to år no med søknadar og planlegging. No er Dansebakken vår og vi er i gang!
Her går veien opp. Det er ein traktorveg idag.
Det var heilt merkeleg å stå på tomta no når graset var vekke og det var jordhaug og eit stort hol i enden av tomta. Naboen er på ferie no, men om to dagar kjem dei heim. Tippar dei får seg ein overraskelse.
Det er berre i eine enden av tomta som er renska, men det vil fortsette i raskt tempo dei neste dagane. Her ser dokke tomta sett frå den framtidige stova. Om du ser på gamle innlegg under "Husbygging", kan du sjå at Espen har tatt mykje skog. Endå er det ein del igjen før vi ser utsikta skikkeleg.
Tomta vår går omlag fram til den kvite bjørkestammen du ser litt venstre i bilete. Dette er frå den sida vaskeromsdøra går ut og kor garasja skal stå.
Bestefaren til Espen og den gamle eigaren av Dansebakken må sjølvsagt på inspeksjon. Dette området vert bak huset og litt av huset. Han har sett fram til dette lenge han også, så det er nok ingen anger frå den gamle eigar.

10 kommentarer:

AnnetteK sa...

Så spennende!!
Blir spennende å følge med dere på husbygginga :)
Lykke til!!

Bygging av drømmehuset vårt sa...

Nå er dere i gang!
Yey:)

Vi kommer til å bygge ganske samtidig med andre ord. Spennende!

Grys lille sa...

Så kjekt å finne andre som driver med husbygging!! Og kjempekoselig navn på tomta! Vår heter Solbakken:)

Ha en fin kveld!

Trude sa...

Dette blir sååå bra! Dere er heldige :) Vi kommer definitivt på besøk så vi får sett plassen "live"!

Anonym sa...

Heia Torill, korleis går det? Lenge sida vi he prata no. Me må komme og besøke dokke snart:)
kjekt å sjå at dokke he komt so bra i gang med huset:)

Helsing fra Siv

AnnetteK sa...

Har en utfordring til deg i bloggen min :)

Bygging av drømmehuset vårt sa...

Det er noe til deg på bloggen min:)

Anita

Anonym sa...

Well, får håpe maskina begynde å bevege sej snart då :o) Det skal bli godt å kome skikkeleg igang tenke ej. Og du he so masse herlege sommarbilder, Torill. Var lenge sidan eg hadde vore på bloggen din, og det var ekstra kjekt å sjå korleis dokke nyte sommaren - og kor flink Malin er blitt i det våte element ;o) Klem frå Besta

Anka sa...

Faar helt sommerfugler i magen jeg:) Her kommer en liten sommerhilsen fra Psrgs, Hellas. Kos dere videre.

Bygging av drømmehuset vårt sa...

Det gikk knirkefritt ja, heldigvis. I dag forsvant gravmaskinen og nå starter muring:)