mandag 27. juli 2009

Det går sakte men sikkert framover

Vi har no besøk av dugnadslystne karar som ventar på å få starte med grunnmuren. Entrepenøren lovde at det skulle vere ferdig til idag, men så langt har ikkje det skjedd. Vi får nok ikkje starta før i morgon ettermiddag for vi ventar på at pukken skal kome. Idag har vi handla inn litt plank og armeringsjern, målt opp kor grunnmuren skal stå og fått avklart korleis ringmuren skal lagast.
Her er tomta sett ovanfrå. Den er ikkje ferdigopparbeidd, men den er planert i området rundt huset. Hagepartiet kjem etterkvart.Kanskje vanskeleg å sjå, men no har vi markert kor grunnmuren skal stå med oransje. På biletet ser dokke onkel Arnvid til venstre, Espen og ein av dei som grev.

I dette augneblink ser vegen opp til tomta slik ut. Det er mogleg å kome opp med ein stor bil slik det er no. Vi håpar på å få betongbil på besøk på torsdag og då må sjølvsagt vegen vere på plass.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Oi så flott; det ser jo kjempestort ut dette her! Så spennande å ha komme i gang! Eg kikkar oppover i området der eg trur huset skal vere, men neimen om eg ser tomta eller gravemaskiner... Eg finn det nok til slutt :)

Hatt første dag på jobb i dag, og har dermed starta pendlartilværet. Enn så lenge syns eg det gjekk veldig greit :)

AnneKa sa...

Morsomt å se fremgangen og gleder meg til fortsettelsen :-)