søndag 7. juni 2009

Sykkelrittet Bergen-Voss

Igår kom dagen Espen har venta lenge på; sykkelrittet Bergen-Voss. Espen har trent mykje dei siste åtte månadene med mål å gjennomføre rittet på 165 km. Løypa går frå Arenum i Bergen via Nesttun, Gullbotn, Kvamskogen, Kvanndal og i mål til Voss. Det var 2971 deltakar som tok turen denne vakre dagen. Oppslutninga aukar frå år til år, og rittet er veldig populært.
Espen og Rune kl 06.50 om morgonen. Det var 6 grader ute og veldig kaldt for sykkelshorts og skjorte. Espen var svært nervøs før løpet, dette var første gongen for han. Rune derimot har sykla rittet 3 gongar før, men spent var han likevel. Bileta over og under er henta frå Bergen sykkelklubb sine sider. Det er ikkje råd for alle å følge syklistane, men bileta synest eg fortel litt om omgjevnadane dei syklar i. Det er ein heilt fantastisk tur opp og ned i Vestlandsnaturen.
Eg har ikkje bileter av Espen under og etter løpet då det var usikkert på når han kom i mål. Han var veldig uheldig på turen og øydela kneet sitt ved Kvamskogen. Då var det 10 mil igjen, og han måtte hekte seg av gruppa han sykla med. Til slutt var det så gale at han sykla med eitt bein inntil mål. Han hadde tankar undervegs om å bryte, men var sta nok til å fullføre løpet. Tida vart sjølvsagt ikkje den han hadde håpa på, men eg synest det er godt gjort å sykle over halve rittet med ein fot. Eg er veldig stolt av han, og han har all grunn til å vere nøgd med seg sjølv.

Vi vart igjen i Voss etter rittet og leigde hytte like ved vatnet på Voss saman med Morten og Marianne. Morten sykla rittet for andre gong. Vi åt ein god middag ute på Voss samt at det vart litt godt i glaset etterpå. Vèret var flott, men litt kald trekk gjorde at eg forverra forkjølinga mi som eg har hatt sidan 19.mai.

Det var to trøtte, men nøgde karar som venda nasen heim idag, og dei er begge allereie klar på at dei skal gjenta dette til neste år.

Ingen kommentarer: