onsdag 24. juni 2009

Endeleg sommar og badetid

Som vi har venta på at varmen skulle kome! Det gjeld vel dei fleste i Noreg. Det har ikkje vore noko draumesommar til no, men betre seint enn aldri. Høyrte på radioen at det ikkje går an å bruke opp det fine vèret, så eg håpar på fint vèr store delar av dei neste månadane.
Malin har vore ute i heile dag. Ho er så heldig! Ho var kjempetrøtt av varmen når vi henta ho, og det passa fint med eit bad tenkte vi. Jenta hadde bestemt seg for at bade skulle ho ikkje, men når mamma sto i vatnet kunne ho til nød stikke føtene sine oppi.
Det er veldig kjekt med vatn synest Malin, men kanskje ikkje over heile kroppen. Interessa for å leike med det er tilstades, så får vi berre håpe at ho dyppar resten av kroppen nedi etterkvart. Vi er optimistiske og trur på mange fleire varme dagar.

1 kommentar:

Anonym sa...

Så fin jente og fine bilde!