lørdag 27. juni 2009

Bading frå morgon til kveld

Malin har endelig fått gleden av å bade. Vi har bada i to omgangar hjå Thea og Elias, samt ein gong heime. Ellers har vi har vore på fotballbana og sett Valestrand-Hjellvik slå Osterøy 4-2, grilla og nytt det varme, fine véret.

Årets første bad kor heile kroppen fekk kjenne på vatnet. Malin tok initiativ til å sette seg ned i vatnet sjølv, og då var det greit. Det er så gøy med vatn!
Ein herleg perser Thea og Elias har fått. Malin våga å klappe han, og pusen berre låg der. Seinare var Malin litt for vågal og nærma seg pusen når han ikkje hadde tenkt at nokon skulle forstyrre han. Ein liten "knyttneve" var det som skulle til for at Malin vart lei seg, men kjenner eg henne rett er det ikkje siste gongen ho stiftar bekjentskap med ein katt.
Litt tid til å ete jordbær må ein ha. Særleg når dei kjem frå hagen til besteforeldra til Elias og Thea. Det smakar så utruleg godt!
Malin har vore i eit fantastisk godt humør idag. Ho storkosar seg med å leike med vatn, vere naken og vere med andre born.
For ein herleg dag! Med slike dagar kjem blogginnlegga som ei perle på ei snor. Kanskje allereie imorgon...?

Ingen kommentarer: