søndag 21. juni 2009

Lukka er ei bøtte med sand

Malin elskar å grave i sand. I barnehagen er ho hardtarbeidande med bøtte og spade, og når vi hentar ho er ho som regel i sandkassa å finne. Derfor tenkte vi at det er på tide ho får seg ei sandkasse heime også. Til no har ho hatt ein dunge sand som er sponsa av kommunen si strøsandkasse.
På fredag kjøpte vi leikene. Malin var lykkeleg og begeistra. At det regna gjorde lukka fullkommen, vatn er like kjekt å leike med.
Laurdagmorgon drog Espen avgårde og kjøpte sand. Å så kjekt for henne! Ho har vore heilt oppslukt og det har vore vanskeleg å få kontakt med henne.Med den skrekkelege smokken som følgesven, har Malin kost seg i den nye sandkassa si i helga.

4 kommentarer:

Anka sa...

Jeg kan se at hun er opptatt med sangkassa! He, he. Herlig å se barn blir så glade. Håper dere har kost dere i helgen med sandkaker og sølekaker:-D

Anita sa...

Sandkasser må vere toppen av lykke for slike små. So enkelt, og likevel so fantastisk.

Astrid sa...

Gratulerer med sandkasse til Malin, og nytt kamera til mor:)
Kjempeflott bilde i headingen din, er det tatt med nye kamera skal tru?
Tusen takk for at du tek deg tid til å legge att slike kjekke kommentarar på bloggen min:) Det set eg stor pris på! Eg er ikkje dagstøtt innom bloggen, og då vert det ofte berre med eit nytt posta innlegg frå meg -eg har nesten ikkje vore innom dokke andre:/
No har eg rulla meg litt nedover innlegga dine og gledar meg til å sjå meir av framgongen på husfronten -det er så kjekt!
Ønskar deg ei fin veke:)

AnneGrethe7 sa...

Hallo :) kom innom bloggen din via Astrid, og kunne ikkje dy meg frå å kommentere den flotte headdingen din. Bilde fekk meg tilbake til sommarferie 6 år på rad i nettopp Hals. Var ferieby nr.1 for oss då då dei to eldste ungane var små. Vi leigde eit hus i sentrum. Det same huset kvart år, som var næraste nabo til barnehagen. solskinsdagane brukte vi på ei av dei flotte strendene der. Ein koseleg liten landsby med ei fantastisk hamn :)

Ønskjer deg ein god sommar:)