søndag 6. juli 2008

Vi er i Danmark!

Igår ettermiddag kom vi endeleg fram til årets feriedestinasjon; Hals i Danmark. Natt til igår overnatta vi i Bykle i Setesdal, før vi tok båten ifrå Kristiansand til Hansholm. Varmen slo imot oss på kaia i Kristiansand. Temperaturen var over 30 grader og det var ingen skugge å finne nokon stad.
Fordi det var så varmt måtte Malin ha vatn ofte. Det einaste vi hadde tilgjengeleg var ei 1,5 liters flaske. Bilete er frå kaia. Skjærgården i Kristiansand var idyllisk, solrik og vakker. Eg er særskilt glad i fyrtårn og tok bilete av dette.

Her er feriehuset vi bur i. I to veker skal vi vere saman med ein annan familie og det gler vi oss til. Meir om ferieturen vil kome i bloggen etterkvart.

Ingen kommentarer: