søndag 6. juli 2008

Første dag på stranda

Vi bur 500 meter frå stranda og vi tok derfor ein liten tur for å inspisere. Vèret er ikkje av det beste idag, men det hindrar oss ikkje å sjekke forholda. Sandstranda her er regna for å vere 8 km lang, og eg må innrømme det var fantastisk. Eg har aldri sett slik strand før og vart trollbunden med ein gong. Det kjem heilt sikkert fleire bileter frå strandlivet.
Espen og Malin ut mot havet.
Dei to minste satt godt plassert i kvar si vogn på stranda. Med god utsikt over havet skal ein vel ikkje klage når ein får sitte slik.
Thea er 4 år og full i energi. Ho prøvde til og med å bade, men vatnet var litt kaldt idag og førebels er berre beina bløytte.
Malin fryda seg over vatnet rundt beina og ville ikkje gå der ifrå. Trur ikkje det vert så vanskeleg å ta med ho på stranda dei komande vekene.
Sanden var vanskelig å gå på, men Elias klarer det heilt utmerket.

Ingen kommentarer: