mandag 7. juli 2008

Aalborg Zoo

Internettet er veldig tregt her nede, og det begrensar seg kor mange bileter eg har ork til å legge inn her. Vi var i Aalborg Zoo idag då vèret framleis ikkje har vist seg frå si beste side. Dyrehagen var ikkje stor og vi kom gjennom alle attraksjonane etter eit par tima. Dyra vi fekk sjå var blant anna apar, løve, tiger, leopard, elefant, zebra, isbjørn, sjøløve med meir. Dei fleste dyra måtte vi sjå gjennom eit gjerde eller ei glasrute slik at bileta ikkje vart så fine. Det skin vel litt igjennom no at eg ikkje var så imponert over dyrehagen, men det var veldig kjekt å oppleve dyra på nær avstand likevel.
Malin var generelt sett ikkje så opptatt av dyra, men noko fekk ho med seg. Noko av grunnen var vel at dyra var for langt vekke og bak eit gjerde/glas slik at det ikkje var lett å få auge på for henne. På dette bilete kikar ho på afrikansk villhund.
Sjiraffar er utruleg flotte synest eg. Dei var det mogleg å kome ganske nære på, og det var ganske mange av dei. Dei er så elegante og rolige til sinns.

Pingvinungane var i barnehage (!) for å lære seg å vere sjølvstendig. Denne var utruleg nyskjerrig og ville vel eigentleg ut av buret. Eg forstår han godt...

Ingen kommentarer: