onsdag 9. juli 2008

Dagar med variasjon

Det har ikkje vore så fint vèr dei siste dagane før idag. Igår gjekk dagen ganske fort med tur i Hals, trilleturar og bocca om kvelden. Idag skein sola opp og temperaturen steig samtidig med humøret. Vi håpar det vèret vil halde seg fint nokre dagar slik at vi får nokre dagar ved stranda som ligg 500 m frå hytta.
Igår kveld spelte vi bocca og vi spelar også mykje kort om kveldane.
I Hals er det marknad i sentrum kvar ondag. Kven som helst kan ha salgsbod, og mykje skrot og skrap er det mogleg å få kjøpt. Det finnast også boder som har noko som er verdt å kjøpe, og vi kjøpte eit par heimelaga strikkasokkar av ei gamal dame til 20 kr(!) og ei smikke til Malin. På biletet ser dokke skjelettet frå gapet på ein kval som vart fanga utanfor Hals i 1868. Dette gapet er kjennemerket til byen og står utstilt midt på torget.
Det vert mykje leik utanfor huset. Fotball, badminton, gøyme og leite osv er populære aktivitetar for Thea. Malin må nøye seg med å vere tilskodar, men latteren sat laust likevel.
Eg, Espen og Malin tok oss ein liten spasertur i ettermiddag. Vi kika på alle hyttene som er omkring her og så tok vi turen til stranda. Det var ganske god temperatur og fleire folk hadde tatt turen dit. Vi vassa litt og Espen tok seg ein dukkert. Malin er vill etter å plaske, og ville ikkje opp av vatnet.
Ikveld har vi grilla for første gong sidan vi kom. Indrefilet av svin, pølser, salat og ovnsstekte poteter. Sola har vist seg sterkare og himmelen har vore blå, så imorgon håpar vi at vi får bade og sole oss på stranda.

1 kommentar:

Anonym sa...

So fint bilde ta dej og Malin, fine kløft ;o) hehe. Håpe veret er på dokka side i tida de skal vere på tur. Kjekt å sjå på bloggen når me ikkje he sett dokke på lenge. Jonas fekk kort idag frå Malin, det var kjempekjekt. Skal helse masse frå han og frå farsan. Klem frå alle 3.