torsdag 24. juli 2008

Endeleg tid for bading!

Når vi var i Danmark kjøpte vi eit lite basseng til Malin for at ho skulle få bade då sjøen var for kald. Det viste seg at sjøen var ikkje det einaste som var kald, og til no har bassenget vore ubrukt. Sola har vist seg frå si beste side idag, temperaturen er nesten 30 grader, og sommarkjensla er tilbake. Malin har fått innvia det nye bassenget sitt i vill begeistring. Bileta talar for seg sjølv.



Siste bilete er frå verandaen. Panna brukar vi til å fylle bassenget med vatn, og det låg litt vatn igjen som Malin fant svært morosamt å halde på med.

1 kommentar:

joanna sa...

Hihi...Måtte sjå meg rundt om i bloggen din, også jau då, kven har vi her?? Koseleg å møte kjent folk her i bloglandia..;O)