Vi kom tilbake frå Danmark ved midnatt igår og har brukt dagen idag til å vaske klede, bade i bassenget, luke og klippe plen. Dagen har vore varm og fin og ungane har fått leikt med leikene sine og sett barne-tv igjen. Imorgon byrjar Emil i ny barnehage og Malin skal byrje i avdeling for store born.
Slik såg det ut då vi sto opp idag. Høgt gras overalt. Eg hadde luka alle bed før vi reiste, men eg måtte ta meg ei runde idag. Hagen har ikkje vorte slik som vi tenkte med gras som ikkje gror skikkeleg, busker som har vorte tatt av frosten og planter som mistrivs. Ripsbuskene mine er eit trist syn med gule blad sjølv om eg har gjødsla to gongar, og somme busker får ikkje blomar og veks dårleg. Eg gjødslar og vatnar, let dei få sole seg og fyller på med jord, men det hjelp visst ikkje.Ei plante som trivast og som sto i blomst idag er klematisen eg kjøpte i vår. Den er har vorte høg og full i vakre, kvite blomar. Innimellom kjem det mange knoppar frå klatrerosa New Dawn og nokre har allereie visna. Det var eit kjekt syn og ga meg litt optimisme og håp.
Eg er takksam om nokon kan gi meg nokre gode råd mot planter som veks dårleg, får lite blomar og er gule/visne i blada. Kor ofte skal det gjødslast og kva anna gjer plantene godt? Det hjelp ikkje å snakke til dei, det har eg prøvd. Slik som med ungane så høyrer dei ikkje etter...
2 kommentarer:
sjekk ut kva planter du har som trivst og sjekk kva jordsmonn dei trivst i. Så skal det vel ordne seg vil eg tru.
Mvh Siv
jeg vet ikke hva slags jord dere har på tomta, ofte så er det jo veldig mye leire som brukes og det er det vanskelig for planter å vokse skikkelig i. mange krever jo mer innhold av biologisk materiale ;) Les på plantene og se hva de krever kontra hva dere har ;)
Takk for koselig kommentar forresten!!
Legg inn en kommentar