Det er utruleg kor mykje tid ein brukar på å førebu ein bursdag som varer i to timar. Malin hadde fireårsbursdag idag kor ho hadde fem jenter frå barnehagen på besøk. Bringebærmuffins, prinsessekake og smoothie vart trylla fram, men det var så vidt ungane åt eller drakk. Var det verdt det?
Sidan det ikkje vart ei kake med tradisjonell form, fekk eg ikkje satt lys i sjokoladekaka. Derfor vart det lys i bringebærmuffinsen istaden. Malin synest det var like greit. Så lenge ho fekk lys og bursdagssang så var det godt nok. Alle oppskrifter er frå Leila Lindholm, og Malin var kjempefornøgd med selskapet sitt.
5 kommentarer:
Kjempeflott prinsessekake, Torill! Imponerande. Så kjekt at Malin koste seg :)
Wow! Så flott prinsessekake! Imponerende! :D
Og bringebærmuffinsene så kjempegode ut. Mmmmm...
Så flott kake du har laga :) Prøvde meg på ei slik ei eg og når eldste prinsessa var 5!
Syns det var litt vanskeleg, men som du seier so gjekk det heilt fint å lappe den saman med sjokoladekrem ;)
Fin blogg du har :)
Klem Anita
Flinke du e:) Amalie he ønska seg prinsesse kake til bursdagen sin, spørst om ej må få litt råd av dej da:)
Klem fra Siv
Hei igjen ;)
Ja eg bur utanfor Sogndal, på Slinde- mot Leikanger :) Veit du kor det er??
Kva gjekk du på i Sogndal då?
Klem
Legg inn en kommentar