Det har vore ein produktiv dag på kjøkkenet. Svigermor er på besøk og har vaska og rydda nesten heile huset slik at eg har fått tid å gjere det eg likar mest; lage mat. Eg hadde ikkje planar om å lage noko som helst, men timane gjekk og plutselig vart det ein del likevel.
Så fekk eg laga brød. Eg følg inga oppskrift, men eg brukar ein kartong kefir, litt vatn og olje som tilsammen utgjer 1 liter. Eg blandar i ferskgjær når væska er temperert, hell i 1 liter grovmjøl, kli, gryn og frø (tek det eg har), og 1 liter kveitemjøl tilslutt. Deiga treng gjerne litt meir kveitemjøl etterkvart som den vert elta. Brøda steikast på vanleg måte. Kjempegodt og det luktar fantastisk i huset.
Heimelaga lasagne et ungane av masse og Espen er også veldig glad i det. Ein stor porsjon vart laga slik at vi har litt til i morgon og. Eg er veldig nøgd med dagens produksjon og ikkje minst at huset er reint og ryddig. Ungane har ikkje heile tida vore like nøgd med at eg står ved kjøkkenbenken time etter time så imorgon har kjøkkenet begrensa opningstid.
Ha ein fin laurdagskveld og vidare god helg.
4 kommentarer:
Snill svigermor du har da!
Knekkebrødoppskriften skal jeg prøve. Kroppen min er ikke så glad i mye mel, så det går med en del knekkebrød her i huset. Hjemmelagde er definitivt best.
Og kaninvottene under. Sååå skjønne!!
Ha en fortsatt fin helg!
Klem:)
Så produktiv du har vært! Ingenting er som hjemmebakt brød og knekkebrød.
Ha en strålende søndag!
Klem, Christel
Så flink du har vært! Hjemmebakt brød smaker alltid kjempegodt!
Knekkebrød har jeg aldri laget selv, men det fikk jeg lyst til å prøve. Ungene her er ville etter sveler, vi bruker å steke det til jul, nam :)
Takk for hyggelig kommentar på bloggen min :)
Ha det godt!
Tusen takk for kosleg kommentar på bloggen min! Vart jammen meg litt nysgjerrig då du skrive at du hadde mange gode sommarminner frå H.! Har du brukte å vere her oppe på gardane, kanskje???
Kjempefine vottar i forrige innlegg, forresten!
Legg inn en kommentar