torsdag 26. mai 2011

Nytt staudebed og meir busker i skråninga

Det er ikkje så mykje som minner ein om sommar ute med vind, tåke og regn. Derfor er det litt stille i hagen, iallefall nesten. Vi var på Plantasjen og BoGrønt i helga som resulterte i nokre plantekjøp. Og plantene må sjølvsagt i jorda, sjå berre her.
Skråninga på baksida av huset eller langs vegen opp til huset om du vil, har byrja å ta form. Er litt i tvil om eg har planta for tett, men eg gjer eit forsøk. For å ta ein repetisjon så har eg planta ein kvit gyvel og to rosa buskmure (potentilla) i enden frå venstre. Eg har kjøpt to nye duftsjærsmin etter at dei gamle fraus ihjel. Dei har eg planta ved sida av buskmuren. Tilslutt har eg kjøpt buddeleie (sommerfuglbusk). Denne vert ganske høg, men eg hadde lyst på noko som var litt høgare innimellom buskene som er omlag 1 meter høge. Dessutan har eg saks om det vert for høgt. Planen er å kjøpe nokre spirea, både rosa og kvite, men då skal det verte fint vèr først.
Staudebedet eg har planlagt mot naboen (vest) vart plutseleg plassert under kjøkkenvindauga (sør). Den omtalte kamelliaen står midt opp i bedet no, men den skal flyttast. Eg trur ikkje den trivs så godt akkurat her. Vegen vert til medan ein går, det er tydeleg i denne hagen. Det vert aldri slik eg først hadde tenkt. Eg manglar eit par plante, men elles er dette bedet ferdig. Sjølvsagt har eg eit fargetema, kjem aldri utanom, og dette bedet er rosa, gult og blått. Skarpe fargar til ei forandring her altså.
Frå venstre bak har eg planta smågullkorg. Den har eg allereie delt og eg fekk den ifjor, så denne vil verte stor ganske raskt. Framme har vi blå akeleie og bak har eg planta silkepeon. Den vesle planta framme til høgre er ballblome og vil forhåpentligvis verte stor og flott etterkvart.
Frå venstre bak har vi blå ridderspore og framme planta eg den søte vesle soleiehoven. Det vil sannsynligvis berre verte dette bedet som har gule planter. Ved sida av riddersporen står kamelliaen som skal flyttast. Framme har eg planta løytnantshjerte og bak står det smågullkorg og silkepeon igjen. Eg manglar ei blå staude til enden av bedet. Nokre forslag? Den må ikkje vere for høg.

Det kjennes godt å ha komt igang, men både fordi vi har mangla jord og fordi eg har vore sjuk i to veker så heng vi litt etter. Heldigvis har det vore dårleg vèr. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko...

1 kommentar:

Anonym sa...

Så lurt av deg å ta bilder og "dokumentere" sånn - dette blir kjekt å sjå tilbake på når hagen bugnar over og alt er frodig og fint :) Eg ser eg har veldig mykje å lære... Trur du får gi meg eit hagekurs!